Heim Nyhende Nynorsk barnelitteraturpris 2021 er tildelt Tone E. Solheim

Nynorsk barnelitteraturpris 2021 er tildelt Tone E. Solheim

Med Svarttrasta syng om natta har Tone E Solheim skrive ein vellykka debutroman, meiner juryen. 

Prisen vart delt ut ved opninga av landmøtet i Noregs Mållag på Gardermoen. Tone E. Solheim får prisen for ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta, som kom ut på Samlaget 2021. Det er Noregs Mållag som står bak prisen og den er på 50 000 kroner. 

Grunngjevinga frå juryen: 

Tone E. Solheim debuterte i 2021 med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta. Tittelen er henta frå Beatles’ Blackbird:  

Blackbird singing in the dead of night
Take these broken wings and learn to fly
All your life
You were only waiting for this moment to arise

Desse linene kan seiast å oppsummere det vesentlege i boka. Dette er historien om Martha og Edith. Båe jentene har sine «broken wings» og har vonde tap og erfaringar med seg. Martha elskar Beatles, saknar faren og har ei traumatisk oppleving å bera på. Som Martha i Bibelen er ho ein velgjerar. Ho er mild og god og ser etter det beste i alle. Edith er mørkare til sinns. Ho har dårleg impulskontroll. Det resulterer iblant i dumme og vonde handlingar. Ho gøymer seg i hettegenseren sin og distanserer seg frå folk. 

Dei to jentene fører ordet i annakvart kapittel i boka. Dei treffest på vidaregåande og trass motsetnadane, eller kanskje nettopp på grunn av desse, fattar dei interesse for kvarandre. Jentene nærmar seg gradvis kvarandre både på det personlege planet og reint fysisk, og forholdet utviklar seg til å bli eit kjærleiksforhold. Edith som likar annan type musikk, byrjar å lytte til Beatles fordi Martha, den elska, er glad i Beatles. 

Å vera usikker og redd for å seia og gjera dumme ting og øydeleggje alt når ein er forelska, er godt og truverdig skildra. To sårbare og usikre jenter med sine vonde erfaringar, finn saman. At dei er av same kjønn, får lite merksemd. Sjølv om hovudpersonane i utgangspunktet kan oppfattast som motsetnadar, framstår dei som komplekse og speglar kvarandre utover i boka. Dei er ikkje statiske og karikerte. Dei verkar på kvarandre og er i utvikling. Teikninga av karakterane og utviklinga av forholdet mellom dei er ei styrke ved boka. 

Med Svarttrasta syng om natta har Tone E Solheim skrive ein vellykka debutroman. Vi gler oss til å følgja forfattarskapen vidare.

Gratulerer med Nynorsk barnelitteraturpris 2021, Tone E. Solheim! 

Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har vore Rita Mundal, Ingrid Rogne og Roald Kaldestad. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...