Heim Nyhende Stein Torleif Bjella er tildelt Nynorsk litteraturpris 2021

Stein Torleif Bjella er tildelt Nynorsk litteraturpris 2021

Fiskehuset handlar om det som ligg under overflata, i historia, i kunsten og mellom menneska, skriv juryen.

– Vi er ein samstemt jury som er takksame for at vi får vere med å lytte når understrengane vibrerer i Fiskehuset.

Prisen vart delt ut på landsmøtet i Noregs Mållag i dag. Stein Torleif Bjella får prisen for romanen Fiskehuset som kom ut på Oktober forlag i 2021. Det er Noregs Mållag, Samlaget og Det Norske Teatret som deler ut prisen, som er på 50 000 kroner.

Grunngjevinga frå juryen: 

Ein gammal og ein middelaldrande mann i båt på eit fjellvatn i Hallingdalen. Den eine ror, mens den andre set garn. Den eine skal døy, og den andre skal arve vatnet, fiskerettane og Fiskehuset.

Slik er ramma rundt Stein Torleif Bjellas uforliknelege roman Fiskehuset. «Me ha føta og ikkji røta», seier den gamle til arvingen sin. «– Folk ha føta, men jammen er det mange som ynskij seg røta med,» svarer arvingen. 

Det gir meining at replikkane er skrivne på hallingmål. Språket tener folkevetet som begge dei to karane, Ivar og Jon, ber i seg på kvar sin måte. Fiskehuset er tvillaust ein god roman. Men når han peikar seg ut som vinnaren av Nynorsk litteraturpris for 2021, er det også fordi han veks fram som ein klok roman. Jon må gå i ein hard skule under fisket på Storsenn. Undervegs noterer han flittig i blåboka si. I romanen er det no vi som får eit blikk inn i blåboka, inn i det som blir sagt under eit arveskifte som følger tradisjonane mens verda er i endring.

No er det krevjande å skrive om overgangane frå gammalt til nytt. Nostalgifella trugar bak kvar setning. Når Fiskehuset har blitt slik ein sterk roman, er det også fordi Bjella aldri går i noko nostalgifelle. Vi er i verda her og no. Arvingen Jon er musikar, men også hjelpelærar som handlar på Kiwi. Den gamle grinebitaren Ivar har vore spelemann og dommar på landskappleikar. 

Samstundes har han vore ein luring som har gjort det godt i eigedom. Det var han som snappa til seg ferieheimen for pensjonerte jernbanefolk og seksjonerte han til ferieleiligheiter. Også her slår samfunnsendringane inn i romanhandlinga. «For meg handla oppveksten om business og felespel, felespel og business», seier Jon som er utpeika som arving. Ja, vi veit at dei kan vere gode i handel der oppe i Hallingdalen. Det er ikkje for ingenting at forordet er stadfesta til Ål i Hallingdal.

Kva er då meininga med desse tradisjonane, med det som ligg der som ingen kan sjå nede frå sivilisasjonen? Kva er vitsen med å ta ut 120 kilo aure frå eit fjellvatn, for å lage rakfisk som ingen greier å ete opp?

Her kunne ein like gjerne spørje seg kva som er vitsen med kunsten? Kva er i det heile vitsen med det som er annleis – om det no er annleis fordi det er gammalt, eller om det er annleis fordi det er nytt? «Skriv ein song om det du, Jon,» seier Ivar til arvingen sin. Det går som eit refreng gjennom heile boka. Bodskapen er då at alt ikkje kan formidlast i klår tale. Her finst innsikter og kunnskap som må bringast fram gjennom spelet sjølv, som hos spelemannen. Eller gjennom tidkrevjande arbeid for å røkte eit fjellvatn på gammalt vis. Kunst, handverk, arbeid og klokskap høyrer i lag og er vikla inn i kvarandre.

No er heller ikkje Stein Torleif Bjella ein ordkunstnar som trenger seg på med misjonerande bodskapar. Men vi noterer oss at bygdehipsteren Jon må tole mange og harde ord der han sit over årene i trebåten. Ja, vi er langt over grensene for det som vi har lært oss å kjenne som krenking. Jon går også sjølv for langt ei einsam natt med høg promille og mobiltelefonen i handa. Så kan det likevel gøyme seg kjærleik under den råe overflata. Ja, dette kan ein skrive songar om. Og dette kan det skrivast bøker om. 

Fiskehuset handlar om det som ligg under overflata, i historia, i kunsten og mellom menneska. Vi er ein samstemt jury som er takksame for at vi får vere med å lytte når understrengane vibrerer i Fiskehuset.

Gratulerer med Nynorsk litteraturpris 2021, Stein Torleif Bjella! 

Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har vore Heming Gujord, Margit Walsø og Carl Morten Amundsen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...