Nynorskrørsla krev totalt 10,5 millionar ekstra i statsbudsjettet.
Nynorsk forum, som er eit samarbeidsorgan for tjue nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter, krev at statsbudsjettet blir styrkt med 10,5 millionar kroner til ulike nynorsktiltak.
Forumet meiner summen bør fordelast slik: 1,8 millionar til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), 4 millionar til digitalisering og vidare drift til Norsk Ordbok, 2,5 millionar til Det Norske Teatret og 2,2 millionar til Nynorsk avissenter i Førde.
I grunngjevinga peikar Nynorsk Forum mellom anna på at løyvingane til nasjonale og regionale nynorsktiltak dei siste fjorten åra aldri har vore lågare i prosent av det samla kulturbudsjettet. Medan nynorskindeksen i 2000 var 3,4 prosent, har indeksen for 2015 falle til 2,6 prosent.
– Løyvinga til nynorsktiltak måtte ha vore 70 millionar kroner høgare i 2015 for å vera på nivå med 2010, skriv forumet. Nynorskindeksen var då 3,2 prosent.
Nynorsk Forum meiner i tillegg at framlegget om kutt i pressestøtta må trekkjast tilbake slik løyvinga aukar med 50 millionar kroner.
– Dette vil mellom anna styrkja ei rekkje av dei avisene som fremjar språkleg jamstilling ved å bruka nynorsk på riksdekkjande nivå, heiter det. (©NPK)