Heim Nyhende – Nynorsk is a better language

– Nynorsk is a better language

Det starta som ein protest, men vart ein vervefest. Med humor og mykje arbeid har vervedronninga Oddny Miljeteig skaffa 500 nye medlemmer i Noregs Mållag. 

 

– Nokon trur at det å vere med i mållaget er ein rettskrivingskonkurranse, men det er jo språkpolitikk. Vil du at nynorsken skal leva og veksa, må du bli medlem, seier målkvinne og SV-nestleiar Oddny Miljeteig.

LES OGSÅ: Mållaget: – Dette vil folk ha

Skulepolitikkprotest
«I slik ei stund vert Noregs Mållag mållause!» skriv Noregs Mållag ganske enkelt på si Facebook-side.

I går kunngjorde Oddny Miljeteig på Facebook at målet om å verva 500 medlemmer til Noregs Mållag var nådd, med grei margin.

Det heile starta som ein protest for tre år sidan.

– Det byrja med at den raudgrøne regjeringa ikkje stappa vekk forslaget om å rasera nynorsken og sidemålet i den norske skulen og spesielt vidaregåande. Då tenkte eg at no skal eg jammensann gjer noko som skal styrka nynorsken, forklarar politikaren frå Tøsse i Hordaland.

Og akkurat i dei dagar var det gode kår for vervinga, Noregs Mållag fekk nemleg ein drøss med nye medlemmer som følgje av forslaget om å svekkja sidemålsopplæringa.

60-åringen har vore medlem i Mållaget så lenge ho kan hugse, men før dette ambisiøse prosjektet hadde ho berre verva eit par medlemmer på rundt 30 år.

Så vart ho lova ei heilside av ein VG-journalist om ho verva 100 medlemmer. Den utfordringa likte ho, men tok han enno lenger.

– Dei første 3-400 gjekk som ein leik, men etter kvart har det gått seigare fordi eg har tømt nærmiljøet mitt. Eg byrja med heile telefonlista. Etterpå har eg hatt fleire rundar på Facebook og det er nok der dei fleste medlemmene har kome, forklarar 60-åringen, som avslører at ho har fått litt hjelp.

Hordaland SU har til dømes verva sju medlemmer.

LES OGSÅ: Er han Noregs mest aktive målleiar?

Ivar Aasen hevar kruset
–  Det er heilt fantastisk, Oddny gjer eit heilt uvurderleg arbeid og eg veit at han på skrivarstova som har teke imot alle desse medlemmene har hatt mykje arbeid, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø, som jublar over innsatsen. 

I 2014 hadde Noregs Mållag i overkant av 11.700 medlemmer og innsatsen til Miljeteikn er gull verd.

Og trikset – det er like enkelt, som det er vanskeleg:

– Det er så enkelt som å spørja, for mange har aldri blitt spurd. Og har du først verva ein, så har du plutseleg verva to, forklarar Miljeteig, som tykkjer vervearbeidet har vore frykteleg kjekt.

Kvar Oddny Miljeteig kjem, så er det folk som lurer på når dei skal få spørsmålet. Ho merkar det har vorte ein ellevill hype – noko folk tykkjer er morosamt.

Òg ho har ikkje kvidd seg for å bruka alle verkemiddel i boka– både Ivar Aasen, humor og seine nattetimar. Ein laurdagskveld gong satt ho til dømes oppe ut i dei små timar og kommuniserte med AUF-arar på nachspiel.

– Nokon vil kanskje synast at det er litt på kanten, men eg har dratt inn Ivar Aasen veldig aktivt. Når nokon er verva seier eg at no tek Ivar Aasen seg eit ekstra krus øl i himmelen eller steiker seg egg og flesk. Han er med og han synest det er stas, for Ivar Aasen meiner jo at nynorsk is a better language, understrekar målkvinna, som ikkje kjem til å slutte med vervinga til Mållaget sjølv om 500-målet er nådd.

Men ho kjem til å roe litt ned.

QUIZ: Kva kan du om Ivar Aasen?

Vervevisdom
Nyleg vart Miljeteig vald til ny nestleiar i SV, og tenkjer å verva nokre medlemmer der, sjølv om ho veit godt det er noko heilt anna å verve nokon til eit politisk parti enn til Mållaget.

Og ein ting har ho lært ein av vervearbeidet: Det må vere enkelt med små mål. Er kampanjane for store vert folk passive, tipsar Miljeteig.

Sjølv er ho særleg nøgd med å ha verva LO-leiar Gerd Kristiansen og fleire andre frå fagrørsla, der det tradisjonelt har vore lite støtte for nynorsksaka. No er fleire av dei vore Ivar Aasens apostlar.

– Håpet er at flest mogleg forblir medlemmer og betalar kontingent, men det som er risky buisness med slik verving er at det vert ein del eingongsmedlemmer. Men har ein ein gong vore medlem i Mållaget, så vil ein jo hugsa på det, trur Miljeteig.

LES OGSÅ: Ivar Aasen toppa på Twitter

Frigjeringsprosjektet
Det er ikkje tvil, ein må vere meir enn middels interessert i saka for å leggje så mykje tid og arbeid i vervinga som Miljeteig har gjort.

– Eg er glad for å ha fått gjort dette for målsaka og nynorsken. Eg sit fast ved Tarjei Vesaas sine ord: «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld.» For det handlar om språk, identitet og den fridommen kvar enkelt kjenner ved å skriva eit språk basert på si dialekt – det er eit enormt frigjeringsprosjekt, seier Miljeteig, som ynskjer både Mållaget, Ivar Aasen og nynorsken lykke til vidare.

Sjølv vil ho hugsa ververegla sjølv om ho vert dement og har ei oppmoding til alle Framtidas lesarar:

– Alle som les dette og kjenner seg som nynorskingar bør gje seg sjølv 14 dagar på å verva eitt medlem til Noregs Mållag.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...