Heim Nyhende Nynorsk kan bli redninga for Blindern-tidsskrift

Nynorsk kan bli redninga for Blindern-tidsskrift

Fleire artiklar på nynorsk kan bety meir pengar for det kriseramma Blindern-tidsskriftet Argument. No blir dei skrivande medarbeidarane sett på skulebenken for å finpusse nynorsken sin.

Målet er tosidig: Å styrkje bruken av nynorsk i avisa, og samtidig få inn meir pengar i ei slunken tidsskriftkasse. Norsk kulturråd gir nemleg 25.000 kroner i pengestøtte til tidsskriftet dersom 25 prosent av tekstane er på nynorsk.

Redaktør i Argument Anna Helene Valberg ser på auka nynorskprosent som eit ekstra pluss for tidsskriftet.

– Vi ønskjer eit språkleg mangfald i tekstene våre, seier ho til avisa Universitas.

– 25 prosent er eit høgt tal, og eg trur ikkje at vi rekk første søknadsfristen, som er 1. september. Vi ser heller på dette som noko vi kan oppnå etter kvart.

– Bør tilby nynorsk

Om lag 20 studentar deltok då tidsskriftet arrangerte nynorskkurs i førre veke. Av desse var seks knytte til Argument-redaksjonen. Trine Østreng, kulturredaktør i tidsskriftet, nynorskbrukar og initiativtakar til kurset, er nøgd med at såpass mange utanfor redaksjonen valde å delta.

– Målet er at deltakarane skal føle seg tryggare på å skrive nynorsk. Samtidig ser vi dette som ein fin sjanse for Argument til å knyte til oss nye skribentar.

Kurshaldar Ingar Arnøy frå Noregs Mållag meiner det er bra at Argument no går inn for å auke nynorskdelen.

– Oslo er Noregs politiske hovudstad. Men i motsetnad til Paris, som er ein opplagt kulturhovudstad, har Oslo aldri vore det. Språket vårt bør spegle det kulturelle mangfaldet som finst i alle kantar av landet vårt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...