Nynorsk kultursentrum kjøper Samlaget sine aksjar i Allkunne. Dermed tek dei over det digitale oppslagsverket.
Styra i dei to tidlegare eigarselskapa, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, står samrøystes bak kjøpsavtalen der Nynorsk kultursentrum kjøper aksjane til Samlaget.
På generalforsamlinga i juni blei styret i Nynorsk kultursentrum valt til styre i Allkunne AS. Tilsette og redaksjon blir med vidare. Allkunne og Samlaget skal også framleis samarbeide om innhald, skriv Allkunne i ei pressemelding.
Allkunne AS er eit nynorsk, digitalt oppslagsverk som er gratis tilgjegeleg på internett og som mobilapplikasjon. Dei tilsette har kontor i Ivar Aasen-tunet.
– Endringa på eigarsida inneber at Nynorsk kultursentrum i tida framover vil satse tungt på å utvikle Allkunne AS vidare, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal.
– Det er eit stort behov for redigert røynd og meir digitalt stoff på nynorsk som er fagleg påliteleg og språkleg godt, seier han.
Allkunne har i dag om lag seks tusen artiklar.