Jærkokken meiner nynorsk sel godt som marknadsføringsspråk.
– Det handlar om identitet og å stikka seg ut. Nynorsk sel. Eg skjøner ikkje at ikkje fleire bedrifter på Jæren tenkjer på same måte, seier Jærkokken Heine Grov til Jærbladet.
Les også: Bedrifter grev ned nynorsken
– Det starta då eg gav ut boka «Det jærske kjøkken». Me fann ut at den måtte vera på nynorsk for å underbyggja det jærske. I starten fekk eg språkleg hjelp av kulturformidlar Sigbjørn Reime. No klarer eg meg sjølv, held han fram.
I dag blir Grov stadig nytta til arrangement i regi av mållaget. Han meiner at det gjev han mykje tilbake. Han viser til saft- og syltetøyprodusenten Lerum AS og Hotell Alexandra i Loen som gode døme på bedrifter som lukkast med å bruke nynorsk i marknadsføringa.