Heim Nyhende Nynorskbarnehagar får bokmålsbrev

Nynorskbarnehagar får bokmålsbrev

Rett før barnehageåret tok til i haust dumpa det 7 kilo med statlege informasjonsbrev i posten til nynorskkommunen Ørsta. Samtlege brosjyrar var på bokmål.

Informasjonbrevet Velkommen til barnehagen blir sendt ut frå Kunnskapsdepartementet til alle kommunar i landet slik at dei kan delast ut til foreldra ved starten av nytt barnehageår.

– Bak på brosjyren står det at den også finst på andre urdu, arabisk, samisk og andre språk, men ikkje eit ord om at han finst på nynorsk, seier Borgny Ottestad Knarvik som er rådgjevar for barnehagane i Ørsta kommune. – Eg ringde då til departementet og spurde om det ikkje var meininga at vi skulle få den på nynorsk.

Hjå departementet kunne dei informere om at nynorskutgåva var under utarbeiding, men at den dessverre var noko forseinka. Og riktig nok, to veker seinare kom alle nynorskbrosjyrane til Ørsta. Då var barnehageåret allereie i gong.

Borgny Ottestad Knarvik reagerer først og fremst på det ho opplever som eit forsøk på å lure nynorskkommunane til å bruke informasjon på bokmål.

– Hadde eg ikkje ringt til departementet og spurd etter nynorskutgåva, ville eg ikkje vist at ho fanst ein gong. Då hadde vi truleg berre distribuert bokmålsversjonen som kom først.

I Ørsta kommune er alle barnehagane opptekne av å bruke nynorsk, og kommunen samarbeider med Ørsta mållag om å få enno meir fokus på nynorsk i barnehagen.

– Vi tar dette alvorleg og er nok litt over middels intersserte i språket, seier rådgjevaren.

Samstundes er ho og oppgitt over miljøperspektivet i denne saka. Slik stoda no er sit Ørsta kommune, og truleg andre nynorskkommunar, med dobbelt opp med materiell. Sjølv om det berre er snakk om eit enkelt A4-ark til kvar forelder, så utgjer det for Ørsta sin del 7 kilo for kvar målform. Når barnehagestyrarane sette ut dei to kassene med brosjyrar til feorldra, så forsvann nynorskbrosjyrane, men ikkje dei andre.

– Dette er veldig sløvt av departementet, seier Ottestad Knarvik. – Og litt komisk blir det når departementet avsluttar e-postkommunikasjonen sin med ei opmoding om å ikkje skrive ut denne e-posten for å spare miljøet.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...