Heim Nyhende Nynorskfylket krev framleis statsstøtte til LNK

Nynorskfylket krev framleis statsstøtte til LNK

Understrekar at LNK gjer eit svært viktig arbeid for barn og ungdom i nynorskområda i landet.

 

Nynorskfylket er eit forum for offentlege og private organisasjonar og tiltak i Sogn og Fjordane, og arbeider for å fremje nynorsk på alle område i fylket.

I eit brev til familie- og kulturkomiteen på Stortinget og stortingsrepresetantane frå Sogn og Fjordane understrekar dei at nynorsk og bokmål er to jamstilte språk i landet, og meiner det er viktig at dei to skriftspråka våre blir omtalte slik i offentlege styringsdokument.

Nynorskfylket syner til at det nasjonale Nynorsk forum samrøystes har prioritert fire postar som treng auke på statsbudsjettet, og støttar deira vedtak.

– Vi vil særleg peike på at Landssamanslutninga for nynorskkommunar driv viktig språk- og kulturarbeid, og at dei gjer eit svært viktig arbeid for barn og ungdom i nynorskområda i landet.

Nynorskfylket peikar òg på at avisa Firda sitt nasjonale Nynorsk avissenter treng ei løyving for å kunne halde fram det vellukka arbeidet sitt.

Dei understrekar at den rike floraen av aviser i Sogn og Fjordane er avhengig av at pressestøtta blir halden oppe i ei vanskeleg overgangstid for media.

LES OGSÅ: Nynorsk Forum står samla bak LNK

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...