Geir Larsen frå Lofthus i Hordaland har fått nynorskstipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag for å utvikle språklæringsappar på nynorsk. Med utbreidd bruk av digitale læringsverktøy meiner mållaget det viktig at nynorsk heng med på den arenaen.
– Ved å laga app-ane gjer eg min del, men dei må brukast òg. Det håpar eg dei vert, seier Geir Larsen.
Prosjektet går ut på å produsere nynorske versjonar av fire ulike pedagogiske appar og gjere dei tilgjengelege for sal. Appane legg opp til at brukarane får språktrening gjennom spanande oppgåver.
Med marknadsføring på sosiale medium, ulike nettstader og søkjemotorar ynskjer han å nå ut til nynorskbrukarar og såleis bidra til å styrkje nynorsk språkbruk. Geir Larsen har lang erfaring med å utvikle programvare for undervisning, og har mellom anna samarbeidd med Fagbokforlaget om distribusjon av slik programvare.
Noregs Mållag deler ut to slike stipend kvart år. Stipendene var ei gåve frå Kulturdepartementet ved 100-årsjubileet til mållaget i 2006.
LES INTERVJU MED HAN PÅ FRAMTIDA.NO!
Heile grunngjevinga:
Dette er det andre og siste stipendet me deler ut i år. Stipendsøkjaren vil gjere eit viktig arbeid for at born og unge får møte og lære nynorsk på nye arenaar. Han har sett eit behov som han har god kompetanse til å vere med å dekkje.
Geir Larsen ynskjer å utvikle språklæringsappar på nynorsk, og har i samband med det utvikla prosjektet ”Nynorskløftet 2016, kortreist og nynorsk”. Prosjektet går ut på å produsere nynorske versjonar av fire ulike pedagogiske appar og gjere dei tilgjengelege for sal. Appane legg opp til at brukarane får språktrening gjennom spanande oppgåver. Med marknadsføring på sosiale medium, ulike nettstader og søkjemotorar ynskjer han å nå ut til nynorskbrukarar og såleis bidra til å styrkje nynorsk språkbruk.
I ein kvardag der fleire og fleire av læringsverktøya i skulen er digitale, og der me elles nyttar mykje tid på mobiltelefon, nettbrett og liknande, er det viktig at nynorsken heng med på denne utviklinga. Det er difor eit stort behov for pedagogisk programvare på nynorsk, og det er særskilt viktig at born får møte språket sitt på ein engasjerande måte som fremjar lærelyst.
Geir Larsen har lang erfaring med å utvikle programvare for undervisning, og har mellom anna samarbeidd med Fagbokforlaget om distribusjon av slik programvare. Med prosjektet sitt syner han eit stort engasjement for nynorsken og for at born skal ha høve til å verte trygge språkbrukarar. Han ivrar for å auke omsetnaden av nynorske appar, noko som vil vere eit lyft for nynorsken.
Med si breie røynsle og eit spennande prosjekt trur me at Geir med dette stipendet kan vere med på å styrkje språkkjensla til born og unge, og å bidra til at nynorsken vert tilgjengeleg på nye område – men likevel til ei aldersgruppe og målgruppe som fortener alt det beste i språklæringa si. Difor får Geir eit stipend på 50.000 kr, og me ynskjer lukke til med det viktige arbeidet!