Heim Nyhende Offensivt budsjett for nynorskreform i ungdomsskulen

Offensivt budsjett for nynorskreform i ungdomsskulen

I opplæringslova vedtok Stortinget at nynorskelevane har rett til å halde fram i eiga gruppe også ut ungdomsskulen.

– Det er svært gledeleg å sjå at regjeringa har sett av 41,7 millionar kroner til språkdelte ungdomsskular. Det tyder at denne særs viktige nynorskreforma no er fullfinansiert, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– No er det opp til kommunane å gjere klart for at nynorskelevane som startar i ungdomsskulen komande haust, får halde fram som nynorskelevar. Eigne språkgrupper er svært viktige for å hindre språkskifte til bokmål blant elevane, og det er viktig at kommunane startar planlegginga, slik at det blir lettare å vere nynorskelev alt frå hausten av.

Saknar nynorsksatsing frå kultur

Noregs Mållag er derimot ikkje nøgd med kulturbudsjettet. Regjeringa set av ein million kroner til å vedlikehalde den viktige nynorskroboten som Nynorsk pressekontor står bak. Vidare er det sett av av nokre ekstra prosjektløyvingar til dei nynorske teatera. Det er bra.

Likevel vert ikkje Noregs Mållag prioritert med ei auka løyving. Nynorsk forum, samanslutninga av om lag tjue nynorskorganisasjonar, har i fleire år prioritert øvst å sikre høgare statsstøtte til Noregs Mållag. Det må kome på plass.

– Det er ingenting som gjev meir nynorsk for pengane, enn ei auka løyving til Noregs Mållag. Det er vi som jobbar for at språklova blir etterlevd og at rettane til nynorskelevane blir følgde.

– I går sat dei verkeleg store orda om nynorsken laust hjå både statsministeren, kulturministeren og eit samla politisk miljø på Stortinget. No vil vi sjå det att i løyvingar på kulturbudsjettet, seier Peder Lofnes Hauge.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...