Heim Nyhende Regjeringa følgjer ikkje opp språklova i kulturbudsjettet

Regjeringa følgjer ikkje opp språklova i kulturbudsjettet

 – Regjeringa seier i statsbudsjettet at nynorsk skal fremjast og vere sikra gode vilkår, men det er langt frå ord til handling i statsbudsjettet for 2024, seier konstituert direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Det har ikkje mangla på innspel og tiltak frå eit samla nynorskmiljø om viktige prioriteringar for å styrkje nynorsk som det minst brukte skriftspråket, slik språklova seier. Løyvingane i kulturdelen av statsbudsjettet uteblir likevel.

– Her er mange tiltak som SV kan plukke opp og bidra til at intensjonane frå språklova blir sette ut i livet, mellom anna auke i støtta til nynorsk barne- og ungdomslitteratur, læremiddel på nynorsk for vaksenopplæring og tiltak for å styrkje nynorsk i område der språket står svakare enn i år 2000, seier Øvereng.

Dagen derpå

– Dette er verkeleg «dagen derpå», etter at vi feira nynorsken og Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse, som ei anerkjenning av det nynorske språket si kraft i verda, seier Øvereng.

Det Norske Teatret er ein av dei viktigaste formidlarane av den nynorske skriftkulturen. Avstanden mellom løyvingane til denne viktige nynorskscena og Nationalteatret, har auka jamt, særleg sidan 2000. Ein kan ikkje snakke om reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk før dette finaniseringsgapet er tetta.

Nynorsk kultursentrum håpar Stortinget i større grad enn regjeringa ser at nynorskteateret treng eit løft.

Gledeleg med pengar til språkdelte klassar

– Det er svært gledeleg at regjeringa er offensiv i opplæringspolitikken, og løyver 41,7 millionar til å sikre fleire nynorskklassar i ungdomsskulen, i tråd med opplæringslova, understrekar Øvereng.

Samtidig er det mange kulturpolitiske tiltak som anten manglar språkkrav eller får reelle kutt.

Det er bra at Nasjonalbiblioteket får 3 millionar til styrking av norsk fagspråk, men dette er tiltak som gjeld begge dei norske skriftspråka. Kulturrådet får 7 millionar til å styrkje litteraturordningar. Den auken kunne blitt følgt av nynorskkrav, påpeikar Gaute Øvereng.

Kultur- og likestillingsdepartementet skriv positivt om ordboksarbeidet ved Universitetet i Bergen, men reduserer samtidig løyvingane til tiltaket.

Nynorsk kultursentrum fekk sjølv ei påplussing på 890 000 kroner frå revidert nasjonalbudsjett. Dette er same prosentauken som liknande museum får, og er godt under den pris- og lønsveksten regjeringa ventar. Dette bidreg difor til ein realnedgang i løyvingane.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...