Heim Nyhende Om geitemjølk, samhandlingsreform og fleirbrukshall

Om geitemjølk, samhandlingsreform og fleirbrukshall

Ho har jobba for å behalde både offentlege og private arbeidsplassar i Ørsta kommune. Ordførar Gudny Fagerhol (62) seier nå takk for seg etter 32 år i lokalpolitikken.

– Vi har bedrifter vi er stolte av; vi har Vik Ørsta, vi har møbelprodusentar og vi er den tredje største landbrukskommunen i Møre og Romsdal. Vi har også den største landbrukstilknytte næringa i fylket, med Ørsta-meieriet. Det er berre her på dette meieriet at Tine lagar Snøfrisk av geitemjølk, fortel ein stolt avtroppande ordførar til LNK-avisa.

– Når det gjeld geitemjølkproduksjonen, så er vi inne i ein viktig fase nå, der vi byggjer opp ny buskap. I fjor auka produksjonen av Snøfrisk, så nå må vi fylle opp med ny, frisk geitemjølk for å tilfredsstille marknaden, held ho fram.

To politiske saker som lenge har vore eit tema i Ørsta, er fleirbrukshall og samhandlingsreforma.

– Vi ønskjer å byggje ein fleirbrukshall i Ørsta, men det som det skortar på, er finansieringa. Dette er ei utfordring politikarane må ta alvorleg i neste periode, meiner Fagerhol.

Ho peikar på at den statlege samhandlingsreforma som skal på plass frå neste år av, er ei utfordring også for Ørsta kommune.

– Dette blir ei utfordring for mange kommunar. Vi er ein stor landkommune med spreidde tenester. Vi har mellom anna institusjonar tre stader. Vi skal likevel klare det meste, viss vi berre får nok overføringar. Dette er litt uklart i dag, seier Ørsta-ordføraren.

Ho blei i 2007 den første kvinnelege ordføraren i Ørsta. Nå seier ho takk for seg etter 32 år i lokalpolitikken. Ho har også vore 20 år i fylkestinget. Før ho blei ordførar, sat ho åtte år som varaordførar. Det var ikkje berre-berre å bli den første kvinnelege ordføraren.

– Eg trur ikkje Ørsta kommune var heilt klar for ein kvinneleg ordførar då eg blei ordførar. Eg fekk god støtte av dei tilsette på rådhuset, men det verka som om dei politiske motstandarane mine stilte større krav til meg som ordførar enn kva dei ville ha gjort om det var ein mannleg ordførar, seier Fagerhol.

– Denne barrieren heva eg meg etter kvart over, og spesielt det siste året har eg hatt god dialog både med politiske motstandarar og partikollegaer. Eg har hatt fire rike år, men også nokre triste år på grunn av ulukkene som har vore, oppsummerer Fagerhol.

Intervjuet er gjort for LNK-avisa i august 2011.

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...