Heim Nyhende Ordskifte om den nye nynorsken

Ordskifte om den nye nynorsken


Auditoriet på Nasjonalbiblioteket i Oslo var måndag fylt av folk med sterke meiningar om den nye nynorske rettskrivingsnorma.

Språkrådet stod bak det opne høyringsmøtet om framlegget til ei ny nynorsk rettskriving. Bakgrunnen for framlegget er Språkrådet sitt arbeid med å revidere nynorskrettskrivinga, eit resultat av stortingsmeldinga «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk» frå 2007–2008.

Frå talarstolen kom det innlegg frå mellom anna Noregs Mållag, Høgnorskringen, Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget, i tillegg til ei rekkje andre organisasjonar og enkeltpersonar.

– Språket vil uansett vere større enn norma, konkluderte leiar i rettskrivingsnemnda Grete Riise med då ho oppsummerte ordskiftet.

Målet med den nye nynorske rettskrivingsnorma er å etablere ei norm som skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid, heiter det i høyringspapira.

Høyringsfristen for framlegget til den nye rettskrivinga er fredag 25. februar, og innan 1. april skal nemnda levere eit endeleg forslag til styret i Språkrådet. Målet er å ta den nye rettskrivingsnorma i bruk frå 1. august 2012. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...