Heim Nyhende Osland til Falturiltu

Osland til Falturiltu

 

Erna Osland er årets festivaldiktar under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Første veka i november vert Falturiltu arrangert for tredje gong.

Målet med den nynorske barnebokfestivalen er blant anna å synleggjere dei mindre kjende barnebøkene. Spesielt vil festivalen fokusere på bøker som har noko nytt i seg, som provoserer i form eller tema, og bøker med uvanleg motiv og skrivemåte. Erna Osland frå Masfjorden er årets festivaldiktar. Osland vert rekna som ein av våre fremste barne – og ungdomsforfattarar og har sidan debutboka Natteramnen i 1987 gitt ut 25 bøker. Bøkene hennar syner stor sjangerbreidd, frå faktabok om fiskeoppdrett til teikneserie om Ivar Aasen, og fleire av bøkene er heidra med prisar, til dømes Brageprisen og Kritikarprisen. Til no er ho omsett til fem språk. Under Falturiltu-festivalen vert det òg ein litterær samtale mellom festivaldiktar Osland og Per Olav Kaldestad. Nokre av dei andre som vi kan oppleve på festivalen, er Hilde Myklebust, Helga Gunerius Eriksen, Atle Hansen og Ingelin Røssland.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...