Over halvparten av kommunane i Noreg har no inngått intensjonsavtale om samanslåing.
Det viser ei oppteljing som Kommunal Rapport har gjort.
Talet på kommunar med intensjonsavtale om samanslåing har stige med 15 frå førre veke til i alt 220 av dei 428 kommunane i landet. I tillegg har 14 kommunar allereie vedtatt samanslåing.
Det er forhandlingar eller utgreiingar i gang i 123 andre kommunar, mens 67 kommunar no har avslutta prosessen og bestemt seg for å fortsette som eigen kommune.
Fristen for frivillige løysingar er sett til 1. juli. (©NPK)