Heim Nyhende Overfører bibliotekoppgåver

Overfører bibliotekoppgåver

Bibliotekoppgåvene skal no overførast frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket.– Dette er ikkje vår tilråding, men me vil naturlegvis lojalt fylgje opp dei vedtaka som er gjorde, seier informasjonsdirektør Atle Faye i ABM-utvikling til LNK-avisa.

Regjeringa lanserte i februar forslaget om å overføre bibliotekoppgåvene frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket. Det førte mellom anna til at styret i ABM-utvikling, som vart leia av Kari Gjesteby, trakk seg. I ei pressemelding viser den tidlegare styreleiaren til at dette endrar ABM-utvikling sitt mandat og oppgåver og dermed også oppnemninga av styret. Pressemeldinga framhevar vidare at ein no må arbeide konstruktivt for å styrkje oppgåvene ABM-utvikling framleis har på arkiv- og museumsfeltet.

– Me er avhengige av klare oppgåver. Vårt fornya mandat er det Kulturdepartementet som må gi oss, seier Faye om kva ABM-utvikling skal arbeide med framover.

Kulturpolitisk talsmann i Høgre, Olemic Thommessen, uttaler til Morgenbladet at han meiner kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) opptredde arrogant då ho berre informerte Stortinget om avgjerda utan opne for tilstrekkeleg bibliotekfagleg eller politisk debatt om den.

– Men eg la fram dei faglege argumenta, noko han insisterte på at eg aldri gjorde. Eg sa at det på nokre område i Kultur-Noreg er dobbel administrasjon, og at dette er uheldig. Me har hatt eit manglande samarbeid og dårleg koordinering mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket. Eg ser det som ein fordel at operative og rådgjevande organ er samla i eit sterkt fagmiljø, seier Huitfeldt til Morgenbladet.

Kulturdepartementet vil fullføre flyttinga av bibliotekoppgåvene frå ABM-utvikling innan 1. juli, skriv Norsk Bibliotekforening på sine nettsider.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...