Heim Nyhende Samlar gründerinformasjon

Samlar gründerinformasjon

Ein ny nettstad skal gi meir etablering og fleire gründerar i Hordaland.

 

 

Nettstaden kom-an.no skal gi gründerane den informasjonen dei treng for å få støtte til å starte opp eiga verksemd.

 

– Målet er å synleggjere dei støtteordningane som finst i det offentlege, seier koordinator for kom-an.no, Jon-Erik Vollan.

Bak nettstaden står eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen og Innovasjon Noreg. Vollan meiner samarbeidet er viktig for å styrkje entreprenørskapen og den lokale samfunnsutviklinga.

Tenkjer nytt

Dei som startar opp eigne verksemder, treng både fantasi og pengar. Fantasien er som regel på plass, men etablerarane treng pengar. Det finnes mange gode støtteordningar der ute. Me må klare å få dei ut til brukarane som sit med dei gode ideane, slår han fast.

– Kva er den største utfordringa for å skape vekst i Hordaland?

– Det er eit godt spørsmål. Me har nett vore gjennom finanskrisa, noko som har vore ei utfordring, men som også er eit godt utgangspunkt; det er i krisetider det er gunstig å tenkje nytt. I Hordaland er det sjølvsagt også, som mange andre stader, ei utfordring å få fram dei gode ideane. Å klare å fremje nyskaping, seier Vollan. Hordaland legg no opp til ei storstilt satsing på lokal vekstkraft gjennom utviklingsprogrammet LivOGlyst, Kommuneprosjektet og ein eigen nettportal. Inne på kom-an.no finn ein mellom anna tips til etablerarar, aktivitetskalender og nyhende om den lokale samfunnsutviklinga i Hordaland.

Ei dør

– Entreprenørar og gründerar har ei stor utfordring i å orientere seg i eit vell av informasjon. Me prøver å gjere dette enklare gjennom denne portalen slik at dei berre får èi dør å velje i, seier regionaldirektør i Hordaland fylkeskommune, Jan Per Styve.

Han meiner eldsjelene er nøkkelen til vekstkraft i regionen.

– Me må legge til rette for at eldsjelene ute i lokalsamfunna får den inspirasjonen og dei vilkåra dei treng til å utvikle ideane sine. Men skal det skje, må me også gjere kommunane opptekne av å ta vare på dei eldsjelene som er der ute.

Regionaldirektøren meiner det breie samarbeidet i fylket legg til rette for at ein no kan unngå at dei ulike partane startar opp mindre prosjekt. No er målet i staden å samle seg om dei større prosjekta. Det vert også søkt om å få ta del i Kommunal- og regionaldepartementet si satsing på lokal samfunnsutvikling i kommunane.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...