Heim Nyhende Per Halse aktuell med biografi om Peter Hognestad

Per Halse aktuell med biografi om Peter Hognestad

Bondesonen frå Jæren gjorde eit uvurderleg pionerarbeid for nynorsk bibel- og kyrkjespråk.

Peter Hognestad (1866–1931) var biskop i Bjørgvin frå 1916 til 1931, etter at han hadde vore styrar ved Notodden lærerskole, bygdeungdomsprest i Kristiania og lærar ved Menighetsfakultetet.

Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållagets «Fyrebilsbibel» frå 1921.

Peter Hognestad var ein samarbeidsmann som engasjerte seg i både frilynt og kristeleg ungdomsarbeid. Samstundes var han prinsippfast, og det skapte sterke reaksjonar at han konsekvent brukte nynorsk både i undervisninga ved Menighetsfakultetet og som biskop i Bergen. 

Per Halse er førsteamanuensis og kjem frå Ørsta. Han har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet, og har vore kateket, lærar og prest i Karlsøy frå 1985 til 1990. Sidan 1991 har han undervist ved Høgskulen i Volda, og han var rektor der frå 2011 til 2015. Halse har doktorgrad frå Universitetet i Oslo om framveksten av nynorsk kyrkjespråk. Til biografien om Peter Hognestad har han skaffa fram mykje frå både offentlege og private arkiv som ikkje har vore publisert før.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...