Heim Nyhende Poetiske gleder og musikalske høgdepunkt under Poesifestivalen

Poetiske gleder og musikalske høgdepunkt under Poesifestivalen

Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Poesifestivalen 2022.

– Sterke lyrikarar og dyktige utøvarar har saman med publikum vore med på gjera dette til ei strålande og minnerik festivalhelg i Ulvik, seier arenaleiar ved Haugesenteret Geir Netland i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Nærare 3 200 gjester fordelt på 32 ulike arrangement var innom festivalen. Billettsalet enda på om lag 550 000 kr. Arrangøren er nøgd med dette, slik tendensen er i kulturlivet elles etter pandemien.

Fri som festivaltema

Poeten Einar Økland innleia Poesifestivalen 2022 med ein opningstale der overskrifta var FRI, eit tema som gjekk som ein raud tråd gjennom årets program. Økland fekk Amboltprisen utdelt under festivalen, han gav også publikum poetiske gleder i ein eigen lesepost på Frukt- og Siderruta laurdag.

Hauge-samtalen med Jo Eggen og Ingrid Nielsen opna nye dører og rom inn til Olav H. Hauge si dikting. Eggen trakk særskilt fram språkmeisteren frå Ulvik si evne til å mana fram stadig nye og overraskande bilete.

Poesifestivalen har eit dedikert og interessert publikum, noko som lyrikarar og utøvarar særskilt merkar seg i Ulvik.

– Poesifestivalen i Ulvik er den beste litteraturfestivalen vi har, sa poet Morten Langeland under diktlesinga si på festivalens siste dag.

Musikar og komponist Susanna Wallumrød gav publikum ein sjelfull og skjør poesikonsert
der dei fekk møte dikt frå både Baudelaire og Hofmo. Foto: Ånde Dyrnesli

Poetane las

Lyrikken har fått skine for seg sjølv også denne poesifestivalen. Olav H. Hauge-stipendvinnar Priya Bains trekte fulle hus då ho etter prisutdelinga fredag kveld las utdrag frå debutsamlinga si Med restene av mine hender.

Steinar Opstad, Karoline Brændjord og Kristin Berget var nokon av poetane som gav eit lydhøyrt publikum sterke opplevingar under Poetisk festkveld laurdag.

– Etter applausen å døma er det å høyra poetane lesa noko publikum set stor pris på. For oss er det viktig at festivalen gjev rom for slike opplevingar, seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Poetiske gleder kom også i musikalske former under festivalen i Ulvik. Frode Grytten Beat Band bergtok publikum med sin kombinasjon av poesi og litteratur i møte med stor musikkglede og energisk formidling. Dei fire musikarane i Valkyrien Allstars leverte ein gnistrande konsert med sine tolkinga av gamle slåttar og stevtekstar.

Pianist og vokalist Susanna Wallumrød gjekk frå det mørke til det ljose i ein sjelfull konsert, og eit begeistra publikum fekk oppleva Bjørn Tomren i ein fullsett sal i Kongressen laurdag kveld.

Skriveverkstad

Festivalen arrangerte også skriveverkstad for skuleelevar i regionen.

– Det er viktig å inspirera dei unge til å bli interessert i dikting og poesi. Målet med skriveverkstaden er å syna elevane at dei også kan skriva sine eigne dikt, avsluttar Geir Netland.

Neste gong Poesifestivalen vert arrangert, er 13.–15. september i 2024.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...