Nye tal viser at det er ti år sidan nynorsken gjekk så lite tilbake i skulen.
76.977 elevar har no nynorsk som hovudmål, syner dei nyaste tala frå Utdanningsdirektoratet som vart lagt fram fredag, skriv Kommunal Rapport.
Det er 434 færre enn for eitt år sidan. Vi må attende til skuleåret 2003–04 for å finne ein betre statistikk for nynorskbrukarane.
– Det største problemet er at folketalet aukar mest i bokmålsbyane. Eit unnatak er Rogaland, der det no er fleire som nyttar nynorsk totalt,seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.