Tre av fire kommunar meiner seniorpolitikk er lønsamt, viser ei undersøking KS har fått utført.
Over halvparten av kommunane har sagt at dei tilrettelegg arbeidet slik at det vert enklare å jobba lenger, kan ein lesa på KS sine nettsider.
Halvparten av kommunane tilbyr tilsette ein seniorsamtale slik at dei kan kartleggje kva ynskje eldre arbeidstakrarar har i høve vidare yrkesliv.