Heim Nyhende Posten skal framleis nytta nynorsk

Posten skal framleis nytta nynorsk

Fleirtal på Stortinget.

Posten Noreg AS skal få nye vedtekter og i det fyrste framlegget var punktet om at selskapet skal fylgja prinsippa i mållova fjerna. Det reagerte Noregs Mållag skarpt på, og no er dei blitt høyrde. I den endelege innstillinga frå Transport- og kommunikasjonskomiteen, som blei lagt på bordet 15. november, er kravet på plass att.

Fleirtalsrepresentantane frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre sikra at Posten også i framtida skal vera med og ta ansvar for å ta vare på og hegna om dei to norske språka.

– Vi er veldig glade for at stortingsfleirtalet går imot regjeringa og seier at Posten også i framtida må praktisera språkleg likestilling mellom nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Ein kan godt seia at nynorsk på frimerke og at ein kan velja Digipost på nynorsk er detaljar i den store samanhengen. Men summen av slike detaljar stadfestar at nynorsk er eit språk som er like mykje verd som bokmål, og det gjer at nynorskbrukarane kjenner seg frie til å nytta nynorsk i alle samanhengar, seiar Aasbrenn.

Regjeringa har sagt at dei vil halda på «Noreg» på frimerke, men ville fjerna språkvalet i Digipost. Til VG seier Nikolaj Astrup frå Høgre at dette kan gje Posten store ekstrakostnader som konkurrentane ikkje har. Posten seier sjølv at nynorsk ikkje er noka vesentleg utgift for drifta.

– Desse økonomiske atterhalda er berre smålege, seier Magne Aasbrenn, som gir honnør til den politiske konstellasjonen som har gitt Noregs Mållag ein siger og regjeringa eit nederlag i denne saka

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...