Heim Nyhende Pris til ung, lovande nynorskforfattar

Pris til ung, lovande nynorskforfattar

Forfattar Ruth Lillegraven har fått Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond, ein pris som annakvart år går til ein ung forfattar som skriv på nynorsk.

Årets prisvinnar, Ruth Lillegraven er verksam innan fleire sjangrar, og har markert seg både som lyrikar, romanforfattar og barnebokforfattar.

Fem grunnar

Om grunngjevinga for tildelinga heiter det:

«Det er minst fem gode grunnar til å gi prisen til Ruth Lillegraven i år. Vi tar grunnane nokolunde kronologisk og etter litteratursjanger:

Den første er lyrikaren Ruth Lillegraven. Ho debuterte med Store stygge dikt i 2005. Mykje godt er sagt og skrive om denne samlinga med ”Store dikt, varige dikt, som synger og vugger avgårde, uvanlig lange og velskrevne” for å låne nokre ord frå Tom Egil Hverven i NRK. ”Ei røyst som er så open og inviterande og naturleg at me innimellom les med stor glede”, skreiv Helge Torvund i Dagbladet.

Ho kan også gjendikte: Saman med ei rekkje andre norske poetar og musikarar gjendikta ho Leonhard Cohens The Book of Longing i 2006.

Den andre grunnen er ein innsiktsfull og inspirerande artikkel i antologien Tid å hausta inn om Olav H. Hauge i 2008: ”Um nætene låg eg ofte og lydde til susen i lauvet”, om fruktdyrkaren Olav H. Hauge”. Her viser Ruth Lillegraven at ho kan mykje både om fruktdyrking, lyrikk og ho står fram som ein stor formidlar.

Grunn nr. 3 er romanforfattaren. Mellom oss, romandebuten i fjor er ein ambisiøs første roman. Her viser Lillegraven at ho meistrar handverket, og at ho også har teft for å finne og formidle ei god historie.

Den fjerde grunnen er at Ruth Lillegraven tar barna alvorleg. Bøkene Mari og Magnus flyttar inn (2011) og Mari og Magnus og smokketjuven (2012) er dei første barnebøkene hennar. Også denne sjangeren, den viktigaste av alle litteratursjangrar, kan ho.

Den femte grunnen til at vi gir prisen til Ruth Lillegraven er etter denne omtalen ganske naturleg: Vi vil inspirere ho til å skrive meir!»

Todelt pris

Prisen Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond blir delt ut årleg, og det andre året går den til nokon som gjer eit godt arbeid for å styrke banda mellom Noreg, Færøyane og Island. Fondet vart etablert i 1952 og Olav H. Hauge, Edvard Hoem og Olaug Nilssen er blant mottakarane av prisen. Juryen bak prisen erOttar Fyllingsnes, Durita Brattaberg og Jan Kløvstad. Prisen er på 10 000.

Ruth Lillegraven (1978) er frå Granvin i Hardanger og bur i Lommedalen i Bærum. Ho arbeider til dagleg som taleskrivar for statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

 

 


NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...