Heim Nyhende 366 år med nynorsk i Sogn og Fjordane

366 år med nynorsk i Sogn og Fjordane

«Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» dokumenterer språkutviklinga i fylket gjennom 366 år, og rapporten skal høgtideleg overleverast til fylkesordførar Åshild Kjelnes i Førde i dag.

«Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» skal gje eit breitt bilde av stoda til nynorsken i fylket, og det er første gong så mykje kunnskap om språkstoda i fylket og Vestlandet elles er samla i eitt dokument.

– Her vil vi finne mykje stoff frå sentrale kjelder som dokumenterer språkbruk og språkutviklinga vår, forklarar fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad. Til dømes finn ein oversikt over kor mange elevar som har kva for målform i grunnskulen, oversikt over målform mellom vernepliktige, språklege trendar i media og slike ting.

– Dokumentet bekreftar Sogn og Fjordane som eit nynorskfylke, seier Erikstad, som seier rapporten også vil bli presentert i ei sak i fylkestinget i juni. «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» er nemleg ein del av ei større språkpolitisk satsing som fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i 2008.

– Utan å leggje føringar for arbeidet, så vil eg likevel seie at vi kunne tenkje oss å få til eit nynorsk forum i Sogn og Fjordane som besto av aktørar frå det offentlege og det private næringslivet.

Rapporten som blir lagt fram i dag kan vere med og reise gode debattar i eit slik forum, peiker Erikstad på.

Det er Nynorsk kultursentrum som har samla inn og systematisert innhaldet i «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012», og det er styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum som skal overlevere rapporten i dag.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...