Heim Nyhende Redaktøropprør mot pressekutt

Redaktøropprør mot pressekutt

Over 100 redaktørar i lokalaviser over heile landet krev at regjeringa droppar moms på papiraviser og 16 prosent kutt i pressestøtta.

 

«Stans svekkinga av norske og samiske aviser» krev 105 lokalavisredaktørar i eit opprop som blei lansert tysdag. Dei slår fast at pressestøtta må haldast oppe på dagens nivå og at både papiraviser og e-aviser må få momsfritak.

– For oss er det ekstremt dårleg timing med eit kutt i pressestøtta. Vi har behov for å seie frå om kva vi meiner, og kjem no med ei felleserklæring for mangfald i mediebransjen, seier Rolf Edmund Lund, redaktør i Altaposten til Klassekampen.

Lund fryktar at forslaget til regjeringa om å kutte 54 millionar kroner i pressestøtta neste år og å innføre 8 prosent moms for papiraviser, vil få store konsekvensar for ein bransje som slit.

– Vi er i gang med ei stor og krevjande digital omstilling, og regjeringa vil legge ein stein til børa. Vi treng journalistisk muskelkraft for å klare omstillinga, seier han.

Regjeringa starta forhandlingar om statsbudsjettet med Venstre og KrF tysdag og skal etter planen vere ferdig måndag. Både Venstre og KrF har signalisert tydeleg at dei vil kjempe mot kutt i pressestøtta og at dei vil gi momsfritak til e-aviser. Men Lund er ikkje overbevist om at dei vil lykkast.

– Eg åtvara tidleg om at vi ikkje skal ta det for gitt. Dei har såpass mange kampsaker i budsjettet, som sosiale spørsmål og miljø. Men håpet er at det dei to partia seier, gjer inntrykk på dei blå – og at dei ser at dette ikkje er klokt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...