Heim Nyhende Redaktørpris til Bente Riise

Redaktørpris til Bente Riise

Bente Riise, redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, er tildelt Nynorsk redaktørpris for 2011.

– Riise gjer eit framifrå arbeid for tidsskriftet og for nynorsk mediespråk. Det betyr mykje at tradisjonsrike publikasjonar som Syn og Segn når stadig vidare ut og rekrutterer nye skribentar, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve i ei pressemelding.

I grunngjevinga legg juryen vekt på at Riise har gjort ein stor og viktig innsats for nynorsk som mediespråk gjennom sitt redaktørvirke for Syn og Segn. Ho har modernisert og popularisert det gamle og ærverdige tidsskriftet. Gjennom dette arbeidet har ho klart å gjere tidsskriftet til ein interessant arena også for journalistar, forfattarar, forskarar og andre skribentar som ikkje i utgangspunktet trur dei kan eller vil skriva nynorsk.

I perioden Bente Riise har vore redaktør for Syn og Segn har tidsskriftet blitt kåra til Årets tidsskrift i Noreg og Årets tidsskrift i Norden.

Bente Riise (49) har omfattande og variert journalistisk praksis og lang røynsle som redaktør. Ho er òg sakprosaredaktør i Samlaget. Ho vart kåra til Årets frilansar for arbeidet med boka Mor Russlands døtre i 1992.

 

Førre artikkelSaman om formidlinga
Neste artikkelGåvmilde på Utsira

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...