Heim Nyhende Saman om formidlinga

Saman om formidlinga

I haust heldt Samlaget seminar om formidling av nynorsk litteratur for barn og unge.

– Det vil vere mykje å hente på å ha jamn, nær kontakt mellom formidlarane og å utvikle sams plattformer for arbeidet, fortel Terje Hellesen, redaktør for barnebokklubben Blåmann.

Seminaret kom i stand fordi fleire aktørar ønskte meir samarbeid, då både målgruppa og aktørane er spreidde over eit stort geografisk område og i ulike institusjonar.

– Me har jo alle same mål: Å få formidla all den gode nynorske barne- og ungdomslitteraturen som kjem ut kvart år. Dette er grunnleggjande viktig for å gje språket vårt ei livskraftig framtid, meiner Hellesen, som trur at ein samla vil utgjere ein større maktfaktor og kunne arbeide meir effektivt

Nynorsk leselyst

Under seminaret fekk dei ulike aktørane presentert seg sjølv, i tilegg til at det blei diskutert korleis dei saman skulle nå dei felles måla.

– I Blåmann merkar vi ofte at det er ein reell etterspurnad mellom foreldre og pedagogar. Dei vil så gjerne ha eit oversyn over den nynorske litteraturen. Dei veit det finst mange gode bøker, at det stadig kjem nye, men òg at bøkene er for lite synlege, seier Hellesen. Han fortel at det vart diskutert andre alternativ for formidling og ein mogeleg felles katalog over tilgjengeleg litteratur, slik at det kan bli lettare for folk å orientere seg. Leselystaksjonen si noverande form blei også sett på saklista, då dagens kampanje berre rommar éi nynorsk lesebok.

– Ein slik kampanje når mange, og det kan vere like greitt å vise entusiasme og styrke ved å skipe ein eigen, som å sitje på reservebenken i den noverande.

Sameiner arbeidet

– Dei nynorske forfattarane er dei mest prislønte, men dei skriv også breitt, seier Hellesen, som innrømmer at Blåmann kjenner eit ansvar for formidling av og rekruttering til den nynorske litteraturen og det nynorske språket.

– Me treng ikkje vere skjemde eller stå med lua i handa. Det er ikkje slik at vi misjonerer for eit alternativt livssyn eller prøver å selje folk noko dei ikkje treng. Nynorsk er det naturlege skriftsspråket til særs mange nordmenn.

Hellesen meiner at ein bør vere der brukarane er, ute i barnehagane, organisasjonane og skulane. Som formidlar av den nynorske litteraturen poengterer han kor viktig det er å leggje til rette for brukarane, slik at dei kan orientere seg i all den gode litteraturen og sørgje for at han er tilgjengeleg.

– Det blir gjort mykje bra av mange aktørar i dag, meiner Hellesen og rosar innsatsen til Noregs Mållag, eldsjeler i førskuleutdanninga, Aasentunet, Nynorsksenteret, Samlaget og andre forlag som satsar på nynorskbøker.

– Likevel trur eg me har mykje å hente på å sameine arbeidet vårt. Ein liten bokklubb som Blåmann blir fort usynleg, og mange gode nynorske bøker forsvinn bak bestseljarar på bokmål i bokhandlane.

Ein felles front

Under seminaret blei det skipa ei gruppe som skal føre arbeidet vidare og leggje til rette for fleire møtepunkt mellom formidlarar av nynorsk litteratur. Hellesen har tru på at dette samarbeidet vil føre til ei organisering av ein felles front som sameinar ressursar, og som det er lettare for målgruppa å forholda seg til.

– Vi kan samarbeide om ein felles oversikt over tilgjengeleg nynorsk litteratur, vi kan skipe faste seminar eller ta i bruk andre arenaer for å møtast, og vi kan arbeide med konkrete prosjekt saman, så som ein leselystaksjon, avsluttar han.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...