Heim Nyhende Rekordmange nynorskpraktikantar

Rekordmange nynorskpraktikantar

Frå og med i august blir det heile ni nynorskpraktikantar i Førde, noko Magni Øvrebotten ved NRK Nynorsk mediesenter er glad for. 

Førde har vorte ein lærestad for nynorskbrukande journalistar. NRK Nynorsk mediesenter har drive med opplæring i ni år, og frå 19. august vert det ni nynorskpraktikantar i Førde. Då byrjar Nynorsk avissenter i Firda med fyrste kullet på fire praktikantar, i NRK tek dei mot det nittande kullet på fem.

Avissenteret legg vekt på journalistikk og nynorsk for avis og nett. Arve Sandal er leiar for senteret, og praktikantane skal få opplæring i samarbeid med redaksjonen i Firda. Bak Nynorsk avissenter står Firda media med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vinjefondet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Amedia.

Det er NRK som driv NRK Nynorsk mediesenter, og der er det fokus på journalistikk og nynorsk for nett, radio og fjernsyn. Til denne tid har NRK Nynorsk mediesenter sendt ut i verda 90 nynorskpraktikantar og 75 % av dei arbeider i media. Senteret held hus saman med NRK Sogn og Fjordane og praktikantane får fyrste praksisen sin i den redaksjonen. Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Begge opplæringane tek eit halvår, med fire månader i Førde og dei to siste i andre redaksjonar i NRK og aviser. Sentera skal samarbeide der det er naturleg, mellom anna om nynorsk som mediespråk og det faktumet at nettet gjer at ulike media smeltar meir saman.

Les meir om satsinga i neste utgåve av LNK-avisa som kjem i september. 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...