Lærar ved Gimle ungdomsskole i Bergen kalla nynorsk ordliste for spynorsk mordliste.
«Måndag – Tentamen. Nynorsk. Ta med Spynorsk Mordliste, mat og drikke og elles alt du treng».
Dette stod på timeplanen til ein klasse på Gimle ungdomsskole i Bergen i forrige veke, skriv NRK Hordaland. Den uheldige kommentaren som vart sendt ut på den digitale læringsplattformen skapte reaksjonar, både hjå elevar og foreldre.
Språkekspert og forfattar Jon Peder Vestad kallar det respektlaust.
– Eg kunne omtrent ikkje tru mine eigne øyrer. At ein lærar som skal lære vekk eit fag kan syne ei så repektlaus haldning, seier Vestad til NRK Hordaland.