Kvinnherad kommune får målblome av Kvinnherad mållag. Dei rosar blant anna kommunen for medlemskapen i LNK.
Kvinnherad mållag rosar kommunen for at dei har tatt eit tydeleg standpunkt til nynorsk som tenestemål, skriv kvinnheringen.no
– Siste vedtaket vart gjort i 1932. Seinare har det ikkje vore naudsynt å ta opp dette spørsmålet. Dette fortel at Kvinnherad har vore og er ein trufast nynorskkommune, heiter det i pressemeldinga.
Mållaget legg vekt på at kommunen er med i LNK og at dei saman med LNK har skipa til kurset På saklista for dei tilsette. Dei meiner det også er viktig at det føreligg politisk vedtak om at opplæringsmålet for vaksne innvandrarar er nynorsk. I overgangen til privat barnehagedrift med sterke aktørar frå sentrale strok er også dei nye eigarane blitt merksame på at opplæringsmålet i Kvinnherad er nynorsk og at det er noko dei må rette seg etter.
– Så langt vi kan sjå, er kommunen medviten om vedtaket frå 1922 og tilsette gjer sitt beste for god målbruk i saksutgreiing og i alt skriftleg informasjonstilfang internt og eksternt. Dette gjeld òg målbruk i brosjyrar, på kommunen si heimeside og i all marknadsføring og omdømebygging, meiner mållaget.