Heim Nyhende Ryfylkemuseet med i LNK

Ryfylkemuseet med i LNK

Ryfylkemuseet har blitt medlem av LNK. Museumsdirektør Roy Høibo har vore med på landstinget til LNK på Sand og har likt det han har høyrt. Då han blei spurd om museet ville vere med i samanslutninga var han ikkje i tvil.

 

– Nå er vi med i ein organisasjon som er bevisste når det gjeld språkbruk og det vil vere ei fagleg styrke for arbeidet vårt. Vi er litt på leit etter kva som er samfunnsrolla til museet, og då er det spennande å gå ut over grensene for vanleg museumsarbeid, seier Roi Høibo til lnk.no.

 

Ryfylkemuseet opna denne veka utstillinga ”Kvitebjørnen”, ei utstilling for barn bygt på ei forteljing av Rasmus Løland. Les meir om utstillinga på museet sine eigne nettsider.

Det er Ryfylkemuseet som skal vidareføre arbeidet med barnelitteratur i Rasmus Løland si and etter at det femårige prosjektet Rasmus Løland-markeringa blir avlsutta dette året. Arbeidet skal vidareførast gjennom eit nasjonalt senter for barne- og ungdomslitteratur.

– Eg trur det er viktig for oss å vere med i LNK med tanke på den jobben vi skal gjere med Løland-senteret. Vi blir med i den nynorske språkstyrkinga, slår Høibo fast.

Han tenker på museet si rolle når det gjeld språkutvikling ikkje bare for barn, men også for innvandrarar.

– Godt språk er viktig viss du skal fungere i samfunnet. Språk er også grunnleggjande for å utvikle demokratiet, sluttar Høibo.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...