Heim Nyhende Diktarvegen og Fjordvegen slår seg saman

Diktarvegen og Fjordvegen slår seg saman

Diktarvegen og I/S Fjordvegen slår seg saman til ein organisasjon.

Leiar for Diktarvegen, ordførar Solfrid Borge i Ullensvang herad, trur ein samla organisasjon vil styrkje posisjonen sin overfor styresmaktene.

– Ikkje minst overfor løyvande styresmakter er det viktig at vi no jobbar saman som éin organisasjon.

Gul stripe

Diktarvegen og Fjordvegen jobbar saman mot eitt felles mål, og det er å kanalisere meir trafikk langs riksveg 13, seier Borge. Først og fremst er det då viktig å få trygge vegar med gul stripe, seier ho.

– Det er mykje som må gjerast med riksveg 13, og vi forstår at ikkje alt kan gjerast på éin gong, seier Borge. – Men når vi jobbar saman, så vil det bli lettare å prioritere tiltaka undervegs.

Langs denne vegen må det òg finnast gode opplevingar for dei reisande, og Borge konstaterer at det allereie er god kjennskap til dei etablerte, men for lengst avlidne diktarane som det finst spor etter langs vegen. No må vi ha fram dei nolevande også, slår ho fast.

 

Heller smart enn vakker

Tanken om å slå saman Diktarvegen og Fjordvegen spring ut av ein rapport laga av Telemarksforsking. Dei har sett på kva potensiale som finst langs Diktarvegen, og kva organisasjonen må gjere for at han skal vere liv laga i framtida.

– Diktarvegen må finne dei kvalitetane vegen er unik på, sa forskar Lars Kobro då han orienterte om undersøkinga under landstinget til LNK i april. – Det er mange som er vakre og attraktive, så det er betre å satse på å vere smart, malte han opp på lerretet.

I dag blir mykje av verdiskapinga i samfunnet styrd av kjenslene våre, og Kobro peiker på at Diktarvegen må dyrke dei kvalitetane som kan finnast langs vegen, og som kan vere med og gje dei reisande opplevingar som møter draumane, kjenslene og behovet for leik.

– Fjordvegen er Noregs litteraturveg; her må dei reisande få møte litteraturen på ein trygg og effektiv veg med gul stripe, skisserte Kobro i ein alternativ visjon for det nye selskapet.

Klart i 2012

Korleis den nye organisasjonane skal sjå ut, er ikkje heilt avklara enno, men truleg blir det eit aksjeselskap som opnar for både privat og offentleg eigarskap. I sommar skal Diktarvegen og Fjordvegen møte departementet for å søkje aksept for at ein vel å gjere ting annleis enn opphavleg tenkt.

Viss alt går som organisasjonane ønskjer, vil den nye Diktarvegen vere operativ frå 1. januar 2012.

Den nye organisasjonen vil bli styrd av dagens arbeidsgruppe frå Diktarvegen: leiar Solfrid Borge, Arne Kleppa frå I/S Fjordvegen, Vidar Høviskeland frå LNK og Leiv Vambheim, dagleg leiar i Hardangerrådet. I tillegg blir Roald Bergsaker frå Stavanger Næringsforening med i styret.

 


 

DIKTARVEGEN:

Diktarvegen skal bli den første litteraturruta i Noreg. Diktarvegen skal følgje rv. 13 og gå frå Jæren i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn til han endar i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Styringsgruppa til Diktarvegen er samansett av LNK, Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-markeringa 2007–2011, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-stiftinga.

 

I/S FJORDVEGEN:

I/S Fjordvegen Rv 13 er eit interesseselskap for den indre samferdselsåra på Vestlandet, som går gjennom dei 3 fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og i alt 16 kommunar. Arne Kleppa er prosjektansvarleg og styreleiar i I/S Fjordvegen.

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...