Tidlegare stortingspolitikar Reidar Sandal blir ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum.
Reidar Sandal (fødd 1949) frå Florø var utdanningsminister 1995–97 og stortingsrepresentant i 13 år. Han var med i tre ulike stortingskomitear, dei siste åra som leiar i finanskomiteen. I dag er han konsulent i Sunnfjord næringsråd.
– Eg har stor respekt for det arbeidet som er utført og dei strategiske vurderingane styre og tilsette har gjort. Nynorsk kultursentrum må framleis vere markerte og offensive i arbeidet sitt, og eg skal gjere mitt, seier Reidar Sandal.
Sandal tek over som styreleiar etter Oddvar Haugland tidlegare direktør i NOKUT, det nasjonale fagorganet for kvalitet i utdanninga.