Heim Nyhende – Sidemålet gir elevane angst

– Sidemålet gir elevane angst

– Elevane må sleppa den grunnleggjande verbbøyinga, og å bruke tida på å bla i ordbøker. I dag skaper denne læringsforma eit angst- og hatforhold, meiner Erna Solberg. 

 

 

Erna Solberg og Høgre vil fjerne både karakter og eksamen i sidemål både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.  

Solberg møtte Lysbakken i duell om sidemålet i heimbyen Bergen. Lysbakken er sterkt usamd med Solberg, han meiner skuleelevane framleis skal lære to målformer og at ein skal få svar på eiga målform når ein kontaktar det offentlege, skriv NRK Hordaland. 

– Dette handlar ikkje om verbbøying, men om at nordmenn flest skal kunna bruke språket. Dette er eit åtak på den språklege likestillinga, sa Lysbakken.

Onsdag møttest dei fire partileiarane frå Vestlandet til valdebatt i regi av NRK Hordaland, Bergensavisen, Bergens Tidende og Studentersamfunnet i Bergen. I Hordaland og Sogn og Fjordane hadde 44 prosent av grunnskuleelevane i førre skuleår nynorsk som hovudmål. Lysbakken slår fast at elevane blir betre i språk av lære fleire språk. 

– Språkforskinga viser tydeleg at du vert betre i språk av å læra fleire språk. Ingenting tyder på at ein vert betre i norsk av å ta vekk sidemålet, resultatet kan snarare verte det motsette, skriv NRK Hordaland. 

– Dette handlar ikkje om karakterer. Me meiner at ein heller bør læra om det store mangfaldet av dialektar og få kulturforståing i staden for å terpe på det skriftlege. Eg er meir optimistisk på vegner av nynorsken, svarte Høgre-leiaren og la til: 

– Me vil innføra nynorsktekstar frå tidleg i skuleløpet for dei som bur i Oslo-Vest og i Fana, svarte Solberg.

KrF-leiar Knut Arild Hareide er heller ikkje samd med Solberg, han håpar KrF og Venstre saman skal klare å stoppe framlegget. 

– Målet mitt er at me og Venstre skal verte sterke nok til å hindre endringa, som går på tvers av det forskarane tilrår, seier Hareide til NRK Hordaland.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...