Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar går i år til nyheitsankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2.
Nyheitsankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet, då juryen for Kulturdepartementets nynorskpris overraska dei i kaffikroken i lokala til TV 2 i Bergen på torsdag, heiter det i ei pressemelding.
– Jobbar hardt med språk
– Tusen, tusen takk for ein så høgthengande pris. Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min. Eg kjenner at eg nesten er på gråten, sa Siri Kleiven Strøm, til juryen.
– Eg blir nesten litt på gråten, eg og. Eg er glad for at TV 2 får denne prisen no, det er jo vi som har det munnlege talemålet og flest nyhendeanker som brukar nynorsk. Eg kjenner at eg blir fantastisk stolt. Det er ei ære, sa Arill Riise.
- Les også om då TV 2 opna for nynorsk på nett: – Betre seint enn aldri, sa TV 2-reporter Karen Anna Kleppe.
TV 2 vil oppmuntre til bruk av begge målformer
Årets pristildeling er ei anerkjenning av det viktige arbeidet prisvinnarane gjer, og det er òg ei påminning til TV2 om å vere medvitne den viktige rolla dei som allmennkringkastar speler i den norske tospråksstoda, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
– Dette er ikkje minst ei påminning til TV 2 om at vi må halde i hevd og oppmuntre til bruk av begge målformene, sa TV 2-sjef Olav Sandnes.