Heim Nyhende Sjukefråværet høgast i kommunane

Sjukefråværet høgast i kommunane

Kommunesektoren har høgare fråvær enn både næringslivet og statleg forvaltning, og Sintef meiner omstilling er årsaka til det.

Omstilling har dei siste ti åra prega kommunane og gjort arbeidarane meir utsette for endringar. Dette er éin av grunnane til det høge sjukefråværet, meiner seniorforskar Tore Nilssen ved Sintef.

Ifølgje Vårt Land har kommunesektoren eit fråvær på 8,7 prosent, medan privat sektor har eit sjukefråværet på 6,7 prosent og statleg forvaltning 6,5 prosent.

Omstillingar har vore vanleg i det private næringslivet, og dei tilsette har derfor vore meir vane med at omstilling er ein del av kvardagen. Folk som søkjer jobb i kommunane har forventa at arbeidsplassen er tryggare og mindre utsett for endringar. Men no stemmer ikkje dette lenger, påpeiker Nilssen.

Høgast fråvær er det innan kommunale helse- og sosialtenester med 10,3 prosent. Hardt fysisk arbeid pregar fleire av yrka i denne sektoren, og det kan gi høgare fråvær, ifølgje Nilssen.

Arbeidsgivarorganisasjonen til kommunane, KS, meiner det er mange og samansette årsaker til det høge fråværet i kommunane, men støttar forklaringa til Nilssen om at omstruktureringar aukar fråværet.

– KS ser at omstruktureringane kan opplevast belastande på organisasjonen og vere ei årsak til sjukefråværet, slik det også er i andre sektorar, seier fagsjef Bente Stenberg-Nilsen i KS. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...