Mange små kommunar gir gode tenester til innbyggjarane sine og driv dei bra, går det fram av kommunebarometeret 2011 frå Kommunal Rapport. Audnedal kjem best ut, følgd av Høylandet og Øystre Slidre.
I kommunebarometeret vert alle norske kommunar samanlikna etter 60 sentrale nøkkeltal. Kommunane blir målt etter kva slags tenester dei leverer, resultat og effektivitet. Hovudkategoriane er grunnskule, pleie og omsorg, barnevern, barnehage, sosialhjelp, brukarperspektiv, økonomi, kultur, einingskostnader og administrasjon.
Barometeret skal gi kommunane høve til å samanlikne seg med andre på ulike tenesteområde, og skape debatt om pengane i fellesskapen vert brukt best mogleg. (©NPK)