Heim Nyhende Nynorskstipend til unge kunstnarar

Nynorskstipend til unge kunstnarar

Mariell Øyre og Andreas Paleologos fekk 50.000 kroner kvar i stipend frå Noregs Mållag under landsmøtet. Ho er bloggar og han driv med musikkteater.

Mariell Øyre har fått mykje merksemd for bloggen sin, Hjartesmil. Han er populær og stadig å finne på oversynet over dei mest lesne bloggane i landet, ifølgje ei pressemelding frå mållaget.

Mållagsleiar Håvard B. Øvregård peika i pristalen sin på at det er bra at Øyre skriv på nynorsk, men at det beste med bloggen hennar er kvar ho skriv. Ho skriv i eit medium som har vore brukt i fleire år, men ho skriv ein personleg blogg, ein blogg som fortel om kvardagen til bloggaren. Noko som skapar initimitet og nærleik.

– Denne nærleiken gjer at lesarane hennar føler at dei kjenner ho, at dei og Mariell speler på same lag. Såleis møter dei nynorsk nærare seg sjølve. Nynorsk er ikkje lenger eit vanskeleg fag på skulen, det er noko ein kosar seg med, sa Øvregård vidare i pristalen sin.

Mariell Øyre er for tida i Paris for å arbeide med eit magasinprosjekt basert på bloggen. Hjartemagasinet presenterer mellom anna stoff og bilete frå eit knippe av dei mest lesne bloggarane i Europa innan Øyre sin sjanger. Ho har sjølv vore redaktør og gjort alt det grafiske arbeidet i dei to fyrste nummera av magasinet, som kom i 2010.

MennAndreas Paleologos blir kalla ein multikunstnar av målllagsleiaren. Han er aktiv innan både film og musikk, og gjerne i kombinasjon. Som musikar går han under namnet Cuckoo, og har akkurat kome med debutplata ”Ringalingding”.

– Innan musikkteater er det lite nynorsk. Og innan området ”Svenskar som flyttar til Noreg, legg om talemålet til vestlandsk og tek til å skrive nynorsk og lagar framsyningar for born basert på animasjonsfilm og elektronisk musikk” er det eit svart hol. Ein ørken, sa Håvard B. Øvregård i pristalen til Paleologos.

Når stipendvinnaren syng for barn går det i nynorsk. Han spelte på Parkteateret i Oslo i vinter. Der viste han ei framsyning som heiter ”Det beste eg veit”. Framsyninga har ei blanding av visuelle og musikalske uttrykk og baserer seg på eit samspel mellom Paleologos og tilskodarane, barna.

– No har han eit ynske om å utvikle framsyninga ”Det beste eg veit” vidare og kome seg ut på turne. Me har tru på dette prosjektet. Det syner fram nynorsken på ein ny og spanande måte retta mot eit særs viktig publikum. Han blir leiken, levande og moderne, slo Øvregård fast under landsmøtet.

Noregs Mållag har fått støtte frå Kulturdepartementet til å dele ut stipenda.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...