Heim Nyhende Sommarsnakk med Ragnfrid Trohaug

Sommarsnakk med Ragnfrid Trohaug

Ragnfrid Trohaug meiner språket er den beste oppfinninga me har.

Namn: Ragnfrid Trohaug

Alder: 36

Yrke: forlagsredaktør, barne- og ungdomslitteratur

Brukar sommaren til? Kvar sommar tenker eg på den svenske nasjonalsangen «du gamla, du fria», og linja: «Nej, jag vill leva jag vill dö i Norden,». Sommartid ferierer vi alltid i Norden, og i år er det ei veke i nydelege Bergen og så ferie i Vesterårlen. Om Lofoten er Bibelens Maria Magdalena, så er Vesterålen Marta som går i bakgrunnen, men som verkeleg dug. Stader som Stø, Bø og Bleik i Vesterålen, må ein få med seg minst ein gong i livet.

Kva er ditt forhold til språk? Språket er den beste oppfinninga vi har, og at vi har så mange språk er flott. Eg har alltid sjonglert mellom språk, er reellt jamstelt når det gjeld bokmål og nynorsk og har av eigen fri vilje nytta båe målformer frå ungdomstida av. Eg gjekk vidaregåande i Wales, så engelsk er heimsleg og trygt; knallgode lærarar hadde vi også, så av den grunn kan eg framleis snakke flytande tysk, utan å ha budd i Tyskland, og fekk hug til å lære spansk i tillegg. Det er ei gåve å kunne fleire språk, og engelsk er ikkje einaste språket ein bør lære seg.

Kva meiner du er den største utfordringa til nynorsken framover? Den største utfordringa er å få nynorskbrukarane til å halde på nynorsken. Vi har snakka mykje om sidemål, men utan hovudmål har vi inkje sidemål. Så nynorskbrukarane må lese og skrive nynorsk for at språket skal overleve. I dag har dialektskriving tatt over den rolla nynorsken var meint å ha, nemleg som det demokratiske folkespråket. Tal dialekt, skriv nynorsk, er blitt til: tal dialekt, skriv dialekt, og skal du skrive noko anna, så skriv bokmål.

Kva må til for å styrke nynorsk barne – og ungdomslitteratur? Formidlarar, foreldre, lærarar, må slutte å seie «det finst så lite litteratur på nynorsk». Det finst færre titlar enn på bokmål, ja. Men ofte har folk ikkje fått med seg alt som er kome ut dei siste åra, variasjonen i titteltypar er større enn før. Så må vi ha betre lettlesbøker, det er alle einige om, så der må det pengar til. For å bli stø i eige mål, må ein få lese lettlesbøker på eige mål. I tillegg er det viktig å ha ein stor andel omsett litteratur. Vi verken kan eller skal produsere alle titlane sjølv. Med desse tinga på plass, ser det lyst ut for nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Vi har jo knallgode og prisvinnande forfattarar i stallen vår.

Meir sommarsnakk finn du her!

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...