Heim Nyhende Sommarsnakk med Trine Grung

Sommarsnakk med Trine Grung

Trine Grung er truleg einaste nordmann som har vore på Oprah Winfrey Show – OG blitt sitert av Madonna. – Stort å få bidra i Oprah sitt avskildsshow, seier ho.

Namn: Trine Grung

Alder: hm……deilige 40 år gitt

Yrke: http://medieutvikler.no, kreativ samarbeidspartner innen sosiale medier

Brukar sommaren til: nyyyyyte livet og komme meg i form igjen

Kva jobbar du med for tida? Kampanjar for store kundar som AGR Petroleum Services, HSH, Blink Hus, XL Bygg med meir på sosiale medium. I tillegg startar jg nett-tv innan 2011.

Du kjem opphavleg frå Bergen og har vakse opp i Stavanger, kva forhold har du til dialekta di og dialektvarisajonen i landet? Eg er dialektfreak. Eg skiftar dialekt som andre skiftar truse, rett og slett. Høyrer eg ein dialekt så MÅ eg prøve å kopiere han. Snakkar eg med nærmaste familie så snakkar eg kav bergensk. For resten av verda går det i siddisdialekt samtidig som eg elskar skånedialekt. Sverige ligg hjerta mitt nær.

Du har jobba ein del i radio og no med fjernsyn. Må du tilpasse språket ditt etter jobben din? Det har eg aldri gjort, sjølv om ein del meiner dialekten har blitt litt slepen etter 16 år på Austlandet.

Kva er din favorittkanal for kommunikasjon med omverda, Twitter, blogg eller…? Eg bruker blogg til å kommunisere lengre dialogar. Utover det bruker eg Twitter og Facebook masse, i tillegg til nye Google+. Lika å lære meg nye ting og held på med designet på http://vipusseropp.no som skal bli ei side med mange morsomme konkurransar for leserar i tillegg til fleire oppussingsprosjekt. Startar med mitt eige hus for å dra det i gang.

Skrivande eller snakkande journalist – kva føretrekk du, og kvifor det? Tidlegare snakkande, heilt klart. Nå er eg berre skrivande, men er usikker på om eg er god nok skribent til det. Eg skriv som eg snakkar….funker tydelegvis på blogg :-))

Madonna siterte deg på avskildsfesten til Oprah Winfrey i mai. Ikkje kvardagskost for norske medieutviklarar, kanskje. Korleis var det? Det var stort å bli spurd av Oprah sitt team om å bidra i avsils-showet hennar. Eg laga eit filmklipp frå Preikestolen i samarbeid med Innovasjon Norge og Region Stavanger. Det kjem snart bakomfilm frå dette stuntet på sida mi. Veldig kult og stort at det var Madonna som introduserte meg! Spesielt sidan eg er mega Madonnafan i tillegg til Oprah. Vi snakkar gåsehudmoment!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...