Heim Nyhende – Språkpolitikk er meir enn berre kulturpolitikk

– Språkpolitikk er meir enn berre kulturpolitikk

Norsk Målungdom er glade for at regjeringa satsar på språk i kulturbudsjettet, med 11,5 millionar kroner meir til språk i 2021, men saknar ei tilsvarande satsing frå andre departement. Dei etterlyser spesielt gode språktiltak i skulesektoren.

– Satsinga i kulturbudsjettet er ein god start for oppfølginga av språklova som Abid Raja la fram før sommaren, men språk er ikkje berre noko som høyrer til kultursektoren, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Ho viser til at regjeringa sjølv slår fast i førearbeida til den nye lova at det språkpolitiske ansvaret ikkje er avgrensa til eitt departement, men må takast omsyn til på tvers av sektorar. 

– Det verkar ikkje som om regjeringa har lese sin eigen lovproposisjon. For å følga opp språklova sitt føremål om å styrka nynorsk, må regjeringa gjera det lettare å vera nynorskelev. Ein god start er å løyva pengar til språkdelt ungdomsskule, digitale læremiddel på nynorsk og betre nynorskopplæring for lærarstudentar, seier Skjold. 

Norsk Målungdom har i mange år etterlyst innføringa av språkdelt ungdomsskule, der nynorsk- og bokmålselevane får gå i kvar si klasse, nett som på barneskulen. No utset regjeringa dette endå eit år. 

– Eit av føremåla med den nye språklova er å styrka nynorsk. For å oppnå det målet, må dei andre departementa ta sin del av det språkpolitiske ansvaret, avsluttar Skjold. 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...