Heim Nyhende Språkrådet har talt – ferja skal bruke nynorsk

Språkrådet har talt – ferja skal bruke nynorsk

Klar melding frå Språkrådet.

 

I januar sende Norsk Målungdom spørsmål til Språkrådet om kva språk som skal nyttast på ferjer i nynorskområde. Saka starta då Norsk Målungdom reagerte på bokmålsbruken på Anda-Lote og Lavik-Oppedal. No har isen fere frå fjorden, og Språkrådet har svara: Ferjene skal ha skilt og informasjonsopplesing på nynorsk.

– Dette er rett og rimleg, seier Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom. – Språkrådet har slått fast at Mållova gjeld både til lands og til vanns, og vi ventar at Norled, Fjord1 og dei andre ferjedriftarane fylgjer opp, seier han. Språkrådet skriv i sitt svar at ferjer som går mellom to kommunar med nynorsk som tenestemål, skal bruke nynorsk. I svaret sitt pressiserer dei at ferjene mellom Anda-Lote og Lavik-Oppedal skal vere nynorskferjer, sidan ferjene går mellom nynorskkommunar.

– Her må ordførarar i nynorske ferjekommunar fylgje opp, og passe på at veljarane får sjå språket sitt der dei har krav på det, seier Hope. Både Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Statens vegvesen fekk tilsend brevet frå Språkrådet.

– Dei som driv ferjene i fylket forvaltar i røynda eit stateleg tilbod. Tydlege språkkrav og god oppfylging frå dei som lyser ut desse tilboda er viktig for at nynorskbrukarane sine språkrettar skal verte realisert, poengterer målungdomen.

Språkrådet har dessutan uttalt seg om kva reglar som gjeld for snøggbåtar i nynorskområder. – Her legg dei til grunn at dei same prinsippa skal gjelde for både ferjer og snøggbåtar, sjølv om Mållova ikkje gjeld på same måte for snøggbåtar. Her må nynorskfylka vere språkmedvitne når dei skriv anbodstekstar. Det vil gagne både nynorsken og nynorskbrukarane, avsluttar Fredrik Hope.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...