Heim Nyhende Utetid er verdas beste nynorske blogg

Utetid er verdas beste nynorske blogg

Bloggen Utetid av Ingebjørg Nondal frå Odda er kåra til verdas beste nynorske blogg. Me gratulerer!

 

– Med bloggen Utetid viser Ingebjørg Nondal vilje til å definere kva bloggen skal handle om. Bloggen hennar er personleg, og gjennomført på ein måte som er inspirerande og interessant for eit stort publikum, seier Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no og jurymedlem. Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) har òg vore med i juryen.

I tillegg til heider og ære får vinnaren 10.000 kroner i premie.

– Det er veldig stas, seier Ingebjørg Nondal. 31-åringen frå Odda synest det er kjekt å bli heidra for å skrive på nynorsk.

Sjekk bloggen her!

– Det er det språket som er naturleg for meg å uttrykkje meg på. Det hadde vore heilt feil for meg å skrive på bokmål, seier Nondal som til vanleg jobbar som norsklærar.

LES OGSÅ: Lever livet ute – her er vinnaren av kåringa!

– Fortener eit stort publikum
Kvar veke gjennom 2014 har Framtida.no, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg. På nyåret blei 12 av desse plukka ut som finalistar og publikum har fått høve til å røyste på favoritten sin. Avstemminga har telt 60 prosent, medan juryen har disponert resten av stemmene.

– Gjennom kåringa vår har me sett mange gode bloggar på nynorsk som fortener eit større publikum. Finalistane viser eit stort spenn, men samstundes eit høgt nivå, seier Svein Olav Langåker.

Les fleire gode nynorske bloggar her!

Ingrid (1) på toppen av Eidesnuten. Ho er ikkjeverdas beste nynorske bloggar (enno), men mora er. Foto: Utetid.net

Grunngjevinga frå juryen:

Å kåre den beste bloggen mellom alle dei innkomne framlegga har ikkje vore lett. Det einaste premisset har vore at teksten i all hovudsak skal vere på nynorsk, og det har gjort at tevlinga har femna om alle moglege bloggar. Spennet er stort, og nivået høgt. Det er nesten i grenseland å setje t.d. ein fotorik blogg opp mot ein teksttung blogg. Korleis kan ein vurdere dei opp mot kvarandre?

Juryen har difor landa på å gjere det til eit spørsmål om vilje. Ei vilje til å definere kva bloggen skal handle om, gjennomføre den planen og det på ein måte som gjer han interessant for mange.

Vinnaren bestemde seg for at den vesle familien skulle vere på minst hundre turar i løpet av 2014. Bloggen skulle vere eit referat frå desse turane. Men med eit slikt tempo, så gjer ein erfaringar som også andre småbarnsfamiliar kan gjere seg nytte av. Bloggen gjekk frå å vere privat til å vere personleg. Det er som om bloggen i seg sjølv har inspirert familien til å reise på tur. I løpet av relativt kort tid vart den ei inspirasjonskjelde for andre som hadde lyst til å gjere dørstokkmila kortare.

Det fine med bloggen er at han, som slike inspirasjonbloggar skal gjere no til dags, ikkje bikkar heilt over i sjølvskrytet. Det er imponerande å sjå kvar turar dei har fått ungane med på, men nokre av turane er også like ut om døra. Dei skriv også om turar som vart kortare av di vêret var for dårleg, eller at det vart for mykje mygg.

Det beste er likevel kor raskt bloggen fann forma si. Turrapportane har ei noko lunde sams mal, med illustrerande fotografi og lettlesne tekstar. Men ein kan også finne tips om både klede og turmat, spedd i med nokre tevlingar. Dette er råmeverket bloggen er bygd opp rundt, og det har ein halde seg til. Bloggen har eit godt namn, han er innhaldsrik og han er ryddig. Han er som ein mal for korleis ein blogg skal vere: definert og ein vilje til å gjennomføre.

Bloggen har eit definert utgangspunkt i desse hundre turane i løpet av 2014, og målet vart nådd med god margin. Bloggen lever like godt, med hyppige oppdateringar.  Truleg kjem det til å bli minst hundre nye turrapportar frå 2015.

Vinnaren av Verdas beste nynorske blogg 2014 er Utetid av Ingebjørg Nondal.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...