Heim Nyhende Stadig fleire bruker biblioteka

Stadig fleire bruker biblioteka

Halvparten av den norske befolkninga bruker biblioteka, kjem det fram i ei undersøking Sentio har laga for Nationen.

51 prosent av dei spurde seier at dei bruker biblioteka. 42 prosent av desse seier at dei er godt nøgde med bibliotektilbodet der dei bur.

– Resultatet stemmer godt med inntrykket vårt. For bare nokre år sidan var utlånstala på 48 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Nå ligg det på 52 prosent, seier Sveinj Arne Tinnesand, som er leiar i Norsk Bibliotekforening, til Nationen.

I 2009 hadde biblioteka over 22 millionar besøkande. Kvart år låner bibliotekbrukarane over 25 millionar bøker, filmar, plater og anna materiale. Tinnesand trur ikkje at 2010-tala vil vise nedgang.

– Auken skuldast særleg to ting: At biblioteka generelt har blitt betre dei 10-15 siste åra og at opningstidene har blitt meir tilpassa brukarane, seier han.

Tinnesand er nøgd med utviklinga og tilbodet biblioteket gir, men meiner at dei må bli meir synlege.

– Ingen andre kommunale verksemder blir brukt av halve befolkninga. Samstundes er biblioteket som frisk luft. Vi er glade i det, men vi rettar ikkje nok merksemd mot det. Biblioteka har framleis ein jobb å gjere for å bli meir synlege. For å bruke litt store ord, er biblioteka sin viktigaste jobb å stimulere til eit lesande folk som kan delta i demokratiet, avsluttar Tinnesand.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...