Heim Nyhende Startar nynorskstafett

Startar nynorskstafett

 

Bistandsorganisasjonen Hei Verden tilbyr undervisningsmateriell til bruk i grunnskulen. No ynskjer dei å omsetje materiellet til nynorsk.

 

Bistands- og informasjonsorganisasjonen Hei Verden vart starta i 1973, då under namnet Skolenes U-landsaksjon. Føremålet med organisasjonen er å gi elevar i Noreg høve til å hjelpe born i andre land. 

– Me har som mål at norske elevar skal få kunnskap om globale skilnadar og urettvis fordeling, seier dagleg leiar Kari Vestbø.

Om lag 100 skular har kvart år innsamlingsaksjon til inntekt for Hei Verden sitt arbeid. Pengane dei samlar inn, går til utdanning og til å betre levekåra for born i Peru, Laos, Brasil og Zambia.

Lite ressursar
Med støtte frå Norad har Hei Verden utvikla eit undervisningsmateriell for grunnskulen. Det er dette materiellet organisasjonen no ynskjer å omsetje til nynorsk.
 
– Det er viktig at alle born får undervisningsmateriell på eige språk. Det ser me jo tydeleg i prosjekta våre, til dømes i Peru, der quicha-indianarborn kjem på skulen første skuledag og ikkje forstår eit ord av kva læraren seier, fordi all undervisning går føre seg på spansk. Sjølv om utfordringane for born i Noreg ikkje er dei same som for indianarane i Peru, er språk knytt til identitet også her i landet. Det er difor viktig at alle born får undervisningsmateriell på sitt eige språk, seier Vestbø og viser til at nynorskkular som ynskjer å bruke materiellet, i dag må bruke mykje tid og krefter på å omsetje stoffet.

– Men kvifor har ikkje materiellet kome på nynorsk tidlegare?

– Organisasjonen er liten, med berre fire tilsette, så dette har vore eit spørsmål om kapasitet og ressursar. No ser me likevel ei løysing på dette. Det er ikkje så lett å skaffe midlar til å lage undervisningsmateriell, og med knappe midlar og få nynorskbrukarar internt er det ei utfordring å klare å ha alt materiell tilgjengeleg på to språk.

Vestbø meiner vidare at organisasjonen vil få eit godt argument andsynes Norad dersom det viser seg at materiellet blir meir brukt når det kjem på nynorsk. 

– Både for oss og mange andre organisasjonar er Norad den viktigaste finansieringskjelda for utvikling av informasjonsmateriell. Dermed bør Norad vurdere korleis dei kan stimulere fleire til å utvikle materiell på nynorsk.

Gir ikkje ekstra tilskot
Norad er på si side positiv til at undervisningsmateriell om bistand blir tilgjengeleg på begge målformer, men meiner likevel at det ikkje er Norad sitt ansvar å sjå til at dette skjer.

– Me har ikkje gitt tilskot til omsetjing av materiell så langt eg er kjend med, seier rådgjevar i Norad, Tone Slenes. 
 
Ho seier at det eventuelt er organisasjonane sjølve som prioriterer inkludering av nynorsk materiell når dei sender inn søknad om informasjonsstøtte frå Norad.

– For nokre organisasjonar kan det vere naturleg å prioritere nynorsk materiell framfor andre tiltak innanfor søknaden til Norad, eller dei kan velje at noko materiell blir produsert på nynorsk, medan anna blir produsert på bokmål. Det er ikkje naturleg å gi ekstratilskot til omsetjing av materiell, seier Slenes.

Stafett
Det meste av materiellet til Hei Verden er gratis tilgjengeleg på nettsidene til organisasjonen. Her kan ein finne trinntilpassa bakgrunnsinformasjon om land, historier om borna sin kvardag, eventyr, oppskrifter, leiker og bilete.

Her er også eit nettspel for dei yngste og ein solidaritetssquiz for ungdomsskuleelevar. Kari Vestbø legg vekt på at organisasjonen no har to parallelle idear om korleis dei skal få omsett materiellet. For det første vil dei prøve å finne finansieringskjelder som kan gjere det mogleg for dei å leige inn nokon til å gjere jobben.

– Men sidan me er utolmodige, vil me også setje i gang ein stafett blant nynorske eldsjeler for å omsetje deler av materiellet. Eg har allereie nokre pensjonerte norsklærarar og mållagsfolk på lista, men me treng fleire, slår ho fast.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...