Heim Nyhende Startskot for partnarjakt i kommunane

Startskot for partnarjakt i kommunane

Regjeringa ber kommunane leite høgt og lågt etter partnarar å slå seg saman med. Fylkesmennene skal leggje til rette for stemnemøta.

 

– Det er to veker sidan Stortinget slutta seg til hovudtrekka i kommunereforma. No går startskotet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

Over sommaren skal kommunane starte arbeidet med å finne ut om og med kven dei vil slå seg saman. I eit brev til fylkesmennene gjer Sanner det klart kva han ventar av dei.

– Stortinget har slått fast at kommunane har eit utgreiingsansvar og at Fylkesmannen og KS skal følgje opp dette arbeidet, seier Sanner.

Fri vilje

Regjeringa fekk vedteke kommunereforma ved hjelp av støttepartia KrF og Venstre. Også Ap slutta seg til delar av reforma.

Føremålet er å skape større og meir robuste kommunar, ifølgje Sanner.

– Vi legg opp til at dette skjer ved fri vilje og god lokal forankring, seier statsråden.

Han held fast på at det i enkelte tilfelle kan bli aktuelt med tvang, men berre dersom ein enkeltkommune set seg på bakbeina og hindrar ei samanslåing som er ønskt av andre involverte kommunar.

Regjeringa opnar for at både KS, kommunane og Fylkesmannen kan få tilført midlar til arbeidet med kommunereforma. Fylkesmannen skal få pengar til ein eigen prosessrettleiar innan 1. september, og kommunane skal få dekt 100.000 kroner til informasjon og folkehøyring. I tillegg kjem økonomisk støtte ved samanslåing.

– Kommunane kan sjølv avgjere korleis dei vil høyre innbyggjarane, heiter det i brevet frå Sanner.

Han viser til at departementet vil utarbeide eit spørjeskjema som kommunane kan bruke til dette formålet.

Fleire i gang

Ifølgje Kommunal Rapport er 110 kommunar alt i gang med utgreiingsarbeidet.

Det er løfterikt, ifølgje Sanner. Han er trygg på at reforma vil bli ein suksess, utan at sentrale styresmakter sjølv går inn og teiknar kommunekartet på nytt.

Han fryktar ikkje at veljarane som motset seg kommunesamanslåing vil straffe Høgre og dei andre borgarlege partia ved kommunevalet til neste år.

– Snarare tvert imot. Det er eit breitt fleirtal som står bak intensjonane i reforma. Du finn skeptikarar i Høgre og tilhengarar i Senterpartiet. Viljen til å gjennomføre ei reform er gjennomgåande stor i norske kommunar, hevdar han.

To løp

Uansett viljen som måtte vere lokalt, er det ein lang prosess som ligg framfor kommunar som ønskjer å slå seg saman. Departementet legg opp til to ulike løp.

Kommunar som gjer eit vedtak innan hausten 2015, vil få eit nasjonalt vedtak om samanslåing våren året etter.

– Eit nasjonalt vedtak føreset at dei kommunale vedtaka er einslydande i dei aktuelle kommunane. Dernest må departementet vurdere om den foreslåtte samanslutninga er i tråd med hovudmåla for reforma, heiter det i brevet frå Sanner.

Vedtak som ikkje er i tråd med måla i reforma eller medfører at fleire enn ein kommune må flyttast til eit nytt fylke, kan ikkje gjerast ved kongeleg resolusjon.

– Desse vedtaka må då vente til departementet fremmer ein proposisjon om ein heilskapleg kommunestruktur våren 2017, poengterer Sanner.

Han viser til at stortingsfleirtalet har uttrykt ei klar forventning om at alle kommunane i landet gjer sine vedtak innan sommaren 2016 og at Fylkesmannen må følgje opp kommunane som ikkje på eige initiativ tek «lokalt leiarskap». (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...