Heim Nyhende Statoil snur i språkspørsmål

Statoil snur i språkspørsmål

Etter å ha fått kritikk frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) går Statoil bort frå kravet om å bruka engelsk i Noreg.

Tidlegare i vår blei underleverandørane til selskapet bedne om å bruka engelsk i staden for norsk i kontakten med selskapet.

Dette reagerte Språkrådet skarpt på og tok saka opp med Olje- og energidepartementet. Etter det Bergens Tidende kjenner til, skal fleire verksemder og tilsette i selskapet også har reagert på kravet om berre å bruka engelsk.

Men no snur altså selskapet. Etter at departementet tok tak i saka, skriv selskapet at det vil bruka norsk i Noreg og engelsk der det verkar nødvendig og rimeleg.

– Vi vil kommunisera på begge språka, sånn at vi tar omsyn til dei som har gjeve uttrykk for at dei ønskjer kommunikasjon på norsk, seier informasjonsdirektør Jannik Lindbæk i Statoil.

Språkdirektør Sylfest Lomheim tolkar dette dit at Statoil ASA vil bruka meir norsk i Noreg, men vil følgje nøye med på språkbruken i statskonsernet framover.

– Vi kjem til å sjå etter at dei bruker norsk der det er rimeleg og praktisk. Om dei ikkje praktiserer dette, vil vi minne om det statsråden har skrive, seier språkdirektøren til Bergens Tidende. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...