Ingen stader i landet var valdeltakinga i kommunevalet i år større enn i Vestland. Samtidig er det store sprik i valdeltakinga i nye kommunar.
Sett under eitt var valdeltakinga for kommunane i Vestland fylke på 67,5 prosent. I mange nye kommunar var oppmøtet endå høgare. Frammøteprosenten i Bjørnafjorden kommune sør for Bergen var til dømes 72 prosent, medan dei nye kommunane Alver nord for Bergen og Ullensvang i Hardanger begge hadde 70 prosent frammøte. Det same hadde Sogndal.
Ser ein nærmare på valdeltakinga til dei nye kommunane, er det likevel store variasjonar. Valkretsen Trudvang midt i Sogndal hadde til dømes 67 prosent frammøte, medan Leikanger hadde 74 prosent. I valkretsen Fjordane i Sogndal kommune var det heile 82 prosent som røysta.
Den same tendensen finn vi i nye Ullensvang kommune. Medan 66 prosent av dei røysteføre i Odda brukte røysteretten sin, gjorde 79 prosent av innbyggjarane i Jondal det same.
Også i Bjørnefjorden kommune er valdeltakinga litt høgare i fleire av valkretsane utanfor sentrum. Dette gjeld spesielt i Fusa kommune.
Valdeltakinga varierer også mykje i nye Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Innbyggjarane på Lepsøya i Haram kommune toppar statistikken. Her var det 77,8 prosent som nytta røysteretten sin, medan berre 49 prosent av dei røysteføre i Ålesund sentrum gjorde det same.
– For dei delane av landet som er berørte av kommunesamanslåing, ser det ut til å vera eit visst mønster her. Det kan verka som om delar av dei gamle kommunane har klart å mobilisera, og spesielt dei som er utanfor sentrum. Det tyder på at dei vil ha sitt å seia i den nye kommuneeiningane, seier dagleg leiar Thore Gaard Olaussen for Respons Analyse i Bergen til Nynorsk pressekontor.
Han meiner elles at den høge valdeltakinga i Vestland heng saman med at valet i år generelt har vore eit mobiliseringsval og protestval på fleire måtar.
– Først og fremst at det har vore eit mobiliseringsval for ein del protestveljarar. Eg tenkjer då på bompengelista og Miljøpartiet Dei Grøne. I tillegg har vi den tradisjonelle sentrum-periferi-dimensjonen som Senterpartiet har mobilisert på. Desse tre er tre av vinnarane av valet, seier han. (©NPK)