Heim Nyhende Strid om skilting

Strid om skilting

Språkrådet er ikkje i tvil om at Haugesund lufthavn må bruke meir nynorsk. Samferdsleministeren er ikkje like sikker.

 

Leiar i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, sa tidlegare i haust til Haugesunds Avis at han meinte det var grunnlag i både mållova og vedtektene til Avinor for at Haugesund lufthavn skulle bruke meir nynorsk. Han viste til vedtektene som seier at Avinor skal følgje prinsippa i mållova i kunderetta informasjon, og at institusjonar med eit avgrensa tenesteområde ifølgje lova skal bruke fleirtalsmålforma i området. Fleirtalet av kommunane i det som må reknast som tenesteområdet for Haugesund lufthavn, er nynorskkommunar, slår Vonen fast.
–    Dette vil altså seie at Avinor må bruke den nynorske namneforma i skiltinga på flyplassen, men òg i skiltinga elles og i anna skriftleg informasjon. Språkrådet ser fram til at dette blir sett i verk.

–    Ikkje naudsynt
Etter den tid har Bente Thorsen (FrP) sendt skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), der ho lurer på om Haugesund lufthavn verkeleg må bruke tid og ressursar på å skilte flyplassen i nynorsk drakt, sidan dei allereie har lagt ressursar i nye skilt som er i tråd med Avinor sin nye grafiske profil.
Samferdsleministeren vil på si side sikre at det blir gjennomført ei ny vurdering i saka, og er samd med partifellen Thorsen i at det ikkje er naudsynt å bruke store ressursar på endring av skilt og profilering.

–    Det er kommunane sjølv som bestemmer kva målform som skal brukast i den enkelte kommune. Eg har ikkje sett nokre utspel frå kommunar som har eit ynskje om å endre namnet til Haugesund lufthavn, ei heller eit slikt ynskje frå Avinor. Det tek eg som eit teikn på at kommunane i regionen er tilfreds med namnevalet på flyplassen, uavhengig av om den enkelte kommunen sjølv har valt å ha nynorsk, bokmål eller nøytral målform. Befolkningsmessig bur dei fleste innbyggarane i kommunar som brukar bokmål eller nøytral målform, slår Ketil Solvik-Olsen fast.

–    Må følgje prinsippa
Lufthamnsjef ved Haugesund lufthavn, Tore Lillenes, har ingen kommentar til den språklege utfordringa på flyplassen. Han vil høyre kva Samferdsledepartementet kjem fram til.

–    Men kva meiner Språkrådet om svaret frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen?

–    Det Språkrådet har streka under i denne saka, er at Avinor ifølgje vedtektene skal følgje prinsippa i mållova i kunderetta informasjon. Lova seier at institusjonar med eit avgrensa tenesteområde skal bruke fleirtalsmålforma i området. Fleirtalet av kommunane i det som må reknast som tenesteområdet for Haugesund lufthavn, er nynorskkommunar, slår Vonen fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...